Driftstilskot for fysioterapeut
Org. nr: 964979456 Stillingsident: 4450575047 Presentasjon av stillingen:
Ulstein kommune har ledig 100% driftstilskot frå 01.02.2022. Driftsavtalen er knytt til Ulstein Fysikalske Institutt DA. Instituttet har totalt fire driftstilskot. Det er i tillegg ein kommunal og to privatpraktiserande fysioterapeutar i kommunen. Tildeling vil skje i samsvar med ASA 4313.
Ved tildeling av driftsheimelen blir det lagt vekt på den søkjaren som etter ei samla vurdering er best skikka. Det vil bli vurdert ut frå saklege kriteria som fagleg kompetanse og erfaring, samarbeidsevne, at søkjaren er eigna og evnar å drive privat praksis.
Det er krav om politiattest (ikkje eldre enn tre månader).
Innehavar av driftstilskotet er for tida Maria B. Værnes, tlf. 419 30 283
Kvalifikasjonar
- Fysioterapeut med norsk autorisasjon.
- Kompetanse og erfaring i kunnskapsbasert vurdering, behandling og oppfølging av eit bredt spekter av pasientar.
- Kompetanse og erfaring innan aktiv habilitering og rehabilitering
- Det er ynskjeleg med erfaring frå privat praksis
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på evne til å vere med på å utvikle gode fysioterapitenestar for innbyggjarane i tråd med kommunen sine framtidige behov.
Vi tilbyr
- God pasienttilgang.
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer.
- Lokale med eigna treningsutstyr.
- Romslege kontorlokale, oppkopla mot Norsk Helsenett
Kontaktinformasjon
Norunn Kirkebø Elde, Kommuneoverlege, 928 02 357, norunn.kirkebo.elde@ulstein.kommune.no
Guro Kvalsvik, Fysioterapeut, 450 06 237, ghydle@hotmail.com
Arbeidsstad
Sjøgata 13
6065 Ulsteinvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein kommune
Referansenr.:4450575047
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2021
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.