Har du stor interesse for matfaget?
Ølensjøen FUS barnehage as
5580 Ølen
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid Deltid%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Me har ledig 60% stilling for kokk eller kjøkkenansvarleg, evt i kombinasjon med 40% stilling på avdeling (totalt 100%).
Er du glad i å lage mat og har kunnskap om næringsrik kost og kva som fremmer matglede? Ja? Då ser me fram til ein søknad frå deg!
Små kroppar treng gode byggjesteinar for å få optimal utvikling av kropp og hjerne. Barn er nysgjerrige og utforskande, og vår oppgåve er å stimulere og oppmuntre barna til dette også ved måltida - gi dei nye smaksopplevingar og eit variert kosthald.
Hovudarbeidsoppgåver i stillinga: matlaging, varebestillingar, meny, reinhald og oppfølging av IK-mat.
Helsedirektoratet har utarbeida retningsliner for mat og måltider i barnehagen, i tillegg har FUS eigne SmartMat-retningsliner som me følgjer.
Me tilbyr:
* Eit tilrettelagt storkjøkken med alle fasilitetar
* Høve til å væra med å utvikle barnehagen og påverke barna sine matvanar - og takhøgde til å prøve ut måltidsval
* Eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
* FUS-klede
* Tariffavtale og god forsikrings- og pensjonsordning
Me ønsker at du:
* Kjenner deg igjen i våre verdiar: involvert, verdset kunnskap og er reflektert
* Kan jobbe sjølvstendig og strukturert
* Har gode samarbeidsevner og er med å bidrar til eit godt miljø
* Meistrar norsk munnleg og skriftleg
Søkjarar vil bli vurdert på bakgrunn av kompetanse, erfaring og personlege eigenskapar.
Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Dersom du har ytterlegare spørsmål vedrørande din søknad, ta direkte kontakt med dagleg leiar i barnehagen.
Om bedriften
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2443462
- Sist endret
9. oktober 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3a5aaab20d464a38bd7a66a0992ee144