Dagleg leiar frivilligsentralen, 100% fast stilling
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
Stillingstittel
Kultur og mangfald. Tilsetjing 100% fast stilling dagleg leiar frivilligsentralen frå snarast
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Gulen frivilligsentral er organisert under eining Kultur og mangfald, og har ledig 100% fast stilling som dagleg leiar for frivilligsentralen frå snarast/etter avtale. Dagleg leiar får ei sentral oppgåve i å vidareføre arbeidet til Gulen frivilligsentral. Gulen frivilligsentral ynskjer å bidra i samordninga av det frivillige arbeidet i kommunen. Sentralen skal stimulere til frivillig innsats og bidra til å utvikle eit levande lokalmiljø kor folk møtast og tek medansvar i oppgåver som lokalsamfunnet treng løyse. Me ser etter ein person som kan vere ein pådrivar i dette arbeidet
Me tilbyr
- Ei fast stilling ein kan vere med å forme og utvikle
- Løn etter avtale. Stillinga vert innplassert i kode: leder/fagleder (7451) i kapittel 4
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for drifta av frivilligsentralen
- Inspirere til og koordinere frivillig innsats i lokalmiljøet
- Vere bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor
- Arbeide for å ha oppdatert oversikt over kva innbyggjarane i Gulen kommune treng av tilbod og ordningar som kan organiserast som frivillig innsats
- Samarbeide med kommunale avdelingar som leverer tenester til innbyggjarar i alle aldrar, som til dømes; barnehage, skule, kultur, helse og omsorg m.m.
- Arbeid med MOT
- Samarbeid med Integreringstenesta
- Rettleie og hjelpe lag og organisasjonar i planlegging og organisering av aktivitetar
- Vere ein ressurs for dei som treng hjelp til å søkje tilskot frå offentlege eller private aktørar
- Informere og marknadsføre tilbod i frivilligsentralen/kommunen i ulike forum
- Sentral aktør i aktivitetstilbod
- Ansvar for å vidareutvikle BUA
- Vidareutvikle kommunen sin frivilligpolitikk
- Samarbeid med frivilligråd
- Delta i aktuelle nettverk og følgje opp eksisterande prosjekt og arbeid
- Andre arbeidsoppgåver som kan kome til
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan kultur- og idrettsfag, samfunnsfag, folkehelsevitskap eller tilsvarande.
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar for drifta av frivilligsentralen
- Vere systematisk og god til å organisere
- Vere flink med folk og ha god kommunikasjon med menneske i alle aldrar
- Snakke og skrive godt norsk
- Ha god brukarkompetanse på data
- Kunne setje deg inn i reglar og prosedyrar for ulike tilskotsordningar, skrive søknadar og rettleie andre i å søkje
- Krav om politiattest
- Ha førarkort klasse B
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Brenn ekstra for frivillig arbeid og ser verdien dette har i lokalsamfunnet
- Møter andre på ein respektfull og open måte
- Er serviceinnstilt, engasjert, kreativ og løysingsorientert
- Er samarbeidsorientert, initiativrik og sjølvstendig
- Har positiv tilnærming til arbeidsoppgåvene
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Noko helg- og kveldarbeid på reknast med
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2691754
- Sist endret
2. august 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10216994