Fagansvarleg for helsesekretærar
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen
Jonas Lies vei 71, 5053 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagansvarleg for helsesekretærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk er Vestlandets regionale kreftavdeling, med ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i regionen (Rogaland og Vestland). Vi har ein langsiktig strategi om å tilby ein framtidsretta pasientbehandling og er i stadig utvikling.
Seksjonen har pr. i dag seksjonsleiar, assisterande seksjonsleiar og ein fagansvarleg sekretær. Totalt er det 25 helsesekretærar som har oppgåver knytta til poliklinikk og sengepost. Avdelinga og seksjonen i stor endring i åra framover Det vil kome nye arbeidsoppgåver som t.d. blodprøvetaking. Ein av sengepostane skal flyttast til nytt bygg i mars 2025 og vi skal bemanne det nye Protonbygget frå tidleg 2025.
Som fagansvarleg for helsesekretærane blir du sentral i å drive fagutvikling, samt drive prosessar som bidrar til å skape eit godt organistatorisk arbeidsmiljø. Som fagansvarleg må du kunne kommunisere godt med einingar både i og utanfor avdelinga, ha god arbeidskapasitet og vere ein sterk fagperson. Det er ønskeleg med ein fagsanvarleg som er god til å motivere og støtte dei tilsette, samtidig som du er aktiv i å oppsøke moglegheiter for å betre arbeidsmetodikken vår.
Fagansvaret vil delast med éin annan fagansvarleg og oppgåver og ansvarsområde fordelast mellom dykk etter kompetanse og behov.
Arbeidstid er p.t.: 08.00 (07.30) - 15.30 (15.00). Det er aktuelt med enkelte vakter frå kl 10.30 til 18.00 mandag-torsdag og 09:00-16:30 fredagar.
Arbeidsoppgåver
- Stedfortredar og støttefunksjon for seksjonsleiar ved behov
- Delegert ansvar for fagutvikling/kurs/internundervisning i seksjonen
- Delegert ansvar for opplæring og oppfølging av nytilsette
- Leie, gjennomføre og delta i relevante utviklingsprosjekt i avdelinga og i sjukehuset
- Vere pådrivar i forbetringsarbeid i seksjonen
- Utvikle gode arbeidsformer og rutinar, t.d. utarbeide og oppdatere dokument i EK (Elektronisk Kvalitetshhandbok)
- Vere med å innføre nye rutinar og til at etablerte rutinar i seksjonen blir følgt
- Ansvar i lag med seksjonsleiar, assisterande og fagansvarleg til å bidra til god dag-til-dag styring og drift av seksjonen. Det kan bli aktuelt med eige ansvarsområde i drifta, som t.d. poliklinikk
- Oppfølging av diverse rapportar, t.d. ventelistestatus
- Daglege driftsoppgåver
- Andre oppgåver kan bli aktuelle ut frå kompetanse og behov
Kvalifikasjonar
- Helsesekretær med norsk atutorisasjon eller annan relevant utdanning
- Stor fordel med kunnskap om og/eller sterk interesse for forbetringsarbeid
- Stor fordel med sjukehuserfaring og inngåande kjennskap til DIPS (journalsystem)
- Stor fordel med kunnskap om eller god kjennskap til poliklinisk sekretærarbeid
- Fordel med kjennskap til EK (Elektronisk Kvalitetshandbok)
- Fordel med kjennskap til GAT (bemanning- og personalstyringssystem)
- Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:- Liker å dele kompetansen din med andre, og får med deg andre når du formidlar idear og fag
- Er god til å sjå forbetringspotensial, og liker å finne gode løysingar
- Ser heilskapen sjølv om detaljane blir mange
- Er god til å arbeide sjølvstendig og strukturert sjølv om det tidvis kan vere travle dagar
- Er engasjert i helsekretærfaget
- Tar initiativ og ansvar når det trengs
- Ser at du speler ei viktig rolle i å skape eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på
Vi tilbyr
- Varierte oppgåver med moglegheit for fagleg utvikling
- Relevante kurs etter behov
- Avsatt tid til arbeid med fagutvikling
- Ein arbeidsplass med høgt fagleg nivå
- Ei leiing som har fokus på å vidareutvikle seksjonen
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
May Frida Bosch, Seksjonsleiar, 959 16 782Arbeidsstad
Jonas Lies vei 715053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4874557816
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790225
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7809198c2c0a4f73b23a5c586192cc27