Fagutviklingssjukepleiar
Medisinsk intensiv og overvakingsavdeling (MIO), Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Fagutviklingssjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hjarteavdelinga er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Avdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Behandlingsmetodar er i stadig utvikling og forskingsaktiviteten er høg.
MIO har 10 sengeplassar og er ei eining med høg kompetanse på sjukepleie til akutt kritisk sjuke pasientar. Det blir årleg behandla ca. 500 intensivpasientar og 1000 overvakingspasientar.
Ved MIO ønsker vi å styrke den sjukepleiefaglege utviklinga og søker intensivsjukepleiar i 50% stilling som fagutviklingssjukepleiar kombinert med 50% stilling som intensivsjukepleiar i todelt turnus på MIO.
Arbeidsoppgåver
- Undervise og iverksette simuleringstrening innanfor intensivbehandling
- Utarbeide og revidere gjeldande prosedyrar
- Vere pådrivar til kvalitetsforbetring og delta i aktuelle forskingprosjekt ved avdelinga
- Samarbeid i tverrfagleg team og vere ein fagleg ressurs
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i intensivsjukepleie
- Masterutdanning innanfor relevant fagområde
- Minimum 2 års relevant sjukehuserfaring og erfaring frå hjarteavdeling er ein fordel
- Erfaring frå utvikling av rutinar, prosedyrar og kvalitetssikring av dokumentasjon
- God IKT-kompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Strukturert, nøyaktig og løysingsorientert
- Evne til godt samarbeid
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team, eit aktivt og travelt miljø med varierte utfordringar
- Trivast med kunnskapsformidling
Vi tilbyr
- Moglegheit til å utvikle seg personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- 2 delt turnus og arbeid hver 4 helg
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Anne Åshild Herdlevær, Seksjonsleiar, 55973662Karianne Dale Jensen, Ass. seksjonsleiar, 55973660
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4855943661
Stillingsprosent: 100%
Fast
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2756269
- Hentet fra
talentech
- Referanse
faadada4feb64b059b3a8402364a9120