Sommarjobb for Ungdom
Austrheim kommune
Sætremarka 2, 5943 Austrheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommerjobb til Ungdom
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. mars
Avdelingar sommarjobb kan søkjast i:
- Kjøkken på Nordliheimen
- Omsorg på Nordliheimen
- Heimesjukepleien
- Heimehjelp (vask av hus)
- Tenesta til personar med nedsett funksjonsevne
- Barnehage
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Du må ha bustadadresse i Austrheim kommune
- Du kan søke frå året du fyller 16 til året du fyller 18 år
- Det er påkrevd å signere teieplikterklæring
- Nokon av stillingane krev ein politiattest (ikkje eldre enn 3 månader)
I søknaden inkluderer du:
Kva for nokre veker du kan jobbe i vekene: 26-32 - OBS: Du kan berre søkje om 3 samanhengande veker!
Du vel 3 alternativ for sommarjobb, og set dei opp i prioritert rekkefølge
Arbeidsgjevar fordelar søkjarar til arbeidsstad og arbeidsperiode etter behov. Det er derfor ingen garanti for at vi kan oppfylle alle ønska
Kven ser vi etter?
- Blir glad av å jobbe med mennesker
- Likar å samarbeide
- Stiller punktleg/presis
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb
- Tre samanhengande veker sommarjobb
- God opplæring
- Arbeidsleiar som følgjer deg opp gjennom hele arbeidsperioden
- Ein fadder
- Informasjonsmøte der vi fortel kva arbeidet inneber, våre forventningar og du fortel kva du forventar
- Nyttig arbeidserfaring på din CV
- Teste ut eit yrke
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!
Sektor
Offentlig