Fagarbeidar/assistent
Luster kommune Veitastrond oppvekstsenter
Veitastrondsvegen 2252, 6878 Veitastrond, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Veitastrond barnehage ligg under Veitastrond oppvekstsenter. Barnehagen har èin avdeling med 24 plassar.
I barnehagen er det 5 tilsette, og 4 på skulen. Det er eit godt og nært samarbeid mellom barnehage og skule.
Til liks med dei andre barnehagane i kommunen, samarbeider me med Styd kommunikasjon i arbeidet med psykisk helsefremjande barnehagar.
Barnehagen ligg i enden av Veitastrondsvatnet, med gode moglegheiter for utandørsaktivitetar, og er omkransa av eit variert natur- og kulturlandskap.
Stillingsinformasjon:Ledig 60% vikariat som fagarbeidar/assistent i barnehagen i tida 03.02.2025-12.08.2025 + ytterlegare 40% frå 01.03.2025.
Moglegheit for forlenging.
Kvalifikasjonar:
- For tilsetjing som fagarbeidar er det krav om fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, eventuelt annan relevant utdanning
- For tilsetjing som assistent er det ikkje formelle krav til utdanning
- Personlege eigenskapar vert vektlagde
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Deltek aktivt og bidreg fagleg i utvikling i barnehagen
- Ein vaksen som er til stades for barna og er oppteken av deira behov og barnas beste
- Tydeleg vaksenpersom som både er omsorgsfull og kan skapa gode og trygge rammer for barn
- Er fleksibel og skapa gode relasjonar til barn, foreldre og medarbeidarar
- Likar å vera ute
- Likar å leika
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2840270
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3454687_220857_nn