Lærlingstillingar frå hausten 2024
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
Stillingstittel
Lærlingstillingar
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Vestre Slidre kommune har ledige lærlingplassar frå august 2024 som helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar og byggdrifter.
Kommunen har dyktige leiarar og rettleiarar, lang erfaring som lærlingbedrift og vil gi deg som lærling god og allsidig opplæring i faget.
Ber om at du spesfiserer i søknaden kva fagretning du søkjer lærlingplass i; helsefag, barne- og ungdomsarbeidar eller byggdrifter.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver i henhald til opplæringsplan på det aktuelle fagområdet
- Delta aktivt i opplæringa ved å vise interesse, ta initiativ og arbeide aktivt med kompetansemåla
- Delta på fagdagar og bidra til fagleg utvikling og godt samarbeid på arbeidsplassen
- Bidra til å ivareta eit trygt og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått VG1 og VG2 innan helsearbeidarfag/ barne- og ungdomsarbeidarfag/ bygg/anlegg/byggdrifter
- Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Lærevillig og fagleg interessert
- Open og positiv
- Sjølvstendig og ansvarsbevist
- Fleksibel og samarbeidsvillig
Vi tilbyr
- Mellombels tilsetting for ein 2-års periode med løn som lærling
- Ein lærerik arbeidsplass med varierte og spennande arbeidsoppgåver
- God oppfølging og rettleiing gjennom heile læretida
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Tilsetting skjer elles på dei vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
Kontaktinformasjon
Rigmor Emerense Håheim, Kommunalsjef plan, teknisk, miljø og samfunnsutvikling, 92032058, rigmor.emerense.haheim@vestre-slidre.kommune.noStine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef Helse og oppvekst, 99539117, stine.nordaas@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4783528039
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.04.2024
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2594539
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5e5d38670cfb40b3a717927b8cf3b894