100% fast stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. mai
100% fast stilling for vernepleiar- Eidesbrotet bofellesskap
Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, lyser no ut ein 100% fast stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet Bufellesskap. Arbeid i turnus med arbeid kvar tredje helg inngår i stillinga
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med god kvalitet og legge til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.
Målsetjinga vår er å leggje til rette for at tenestemottakar skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
Hovudarbeidsoppgåver:
Målretta miljøarbeid
Legemiddelhandtering
Veiledningsansvar
Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.
Yte tenester etter gjeldande vedtak
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Utarbeide og følge opp interne rutinar i samarbeid med leiar
Dokumentasjon i gjeldande IT verktøy
Me ser etter deg som:
har gode samarbeidsevner og er fleksibel og positiv til endringar
handterer uforutsette situasjonar på ein faglig og etisk forsvarleg måte
liker å vere i fysisk aktivitet, kunne gå turar og følge brukarane på ulike aktivitetar.
meistrar norsk skriftleg og munnleg
er løysingsorientert og fagleg i di tilnærming til brukarane.
Erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere personleg skikka til stillinga.
Me tilbyr:
Spennende faglige utfordringar og meningsfylte arbeidsoppgåver
Opplæring og rettleiing
Dyktige, inkluderande og løysingsorienterte kollegaer
Lønn etter hovudtariffavtalen
Rekrutteringsavtale
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Me søker i hovudsak etter vernepleier, men andre med helse- og sosialfagleg bakgrunn på høgskulenivå vert vurderte.
Krav:
Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting.
Kontaktpersonar for stillinga:
Simona Jurkiene,
Avdelingsleiar Eidesbrotet bufellesskap
tlf.nr 46905658, simona.jurkien@ullensvang.kommune.no
Harald Molven
Verksemdsleiar tenesta for funksjonshemma
Telefon 97436662, harald.molven@ullensvang.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2564876
- Sist endret
8. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3305095_193155_nn