Norsk fjellsenter søkjer etter ein høgfjellsformidlar
Norsk fjellsenter
Brubakken 2, 2686 Lom, Innlandet, Lom, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Er du interessert i kva som skjer av endringar med klima og natur i høgfjellet? Har du drøymt om å arbeide med desse fagfelta? Vil du vere med på å realisere prosjekt Fjellviten? Kunne du tenkje deg å bu i fjellbygda Lom? Vi treng ein formidlar med klima- og naturkompetanse.
Stillingstittel
Høgfjellsformidlar
Oppstart
2. januar 2025
Type ansettelse
Engasjement
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Du må ha relevant fagleg undervisningskompetanse på vidaregåande eller høgskulenivå. Du må ha evne til å omsetja forskingsdata til spennande læringsaktivitetar både på nett og på fysiske arenaer. Du må ha interesse for kreativ og utforskande læring. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgaver
Di hovudoppgåve blir å bidra til spennande og lærererike formidlingsopplegg, både i det digitale og i det fysiske klasserommet. Gjennom prosjektet Fjellviten blir du med på å legge til rette for at den tverrfaglege forskinga på endringar av klima og natur i høgfjellet blir vidareutvikla, overført i sanntid, digitalisert og formidla.
Høgfjellsformidlaren skal vere med på å vidareutvikle Norsk fjellsenter og prosjekt Fjellviten.
Gjennom prosjektet skal vi ta nye steg innan forskingsformidling, nå nye målgrupper, tydeleggjera vår rolle som lærings- og opplevingsarena knytt til klima- og naturendringar i høgfjellet.
Vi tilbyr
- Kreativt, handlekraftig, fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Samarbeid med leiande forskarnettverk og dyktige kollegaer
- Høg grad av sjølvstende i arbeidsoppgåvene
- Lønn etter avtale og god pensjonsordning
- Kontorplass på Norsk fjellsenter i Lom
- Bistand og lokalkunnskap til å finne husvere
- Vi er eit team som arbeider med fleire forskjellige arbeidsoppgåvar gjennom eit år. Du må også kunne bidra til å løyse daglege driftsoppgåver.
Om bedriften
Norsk fjellsenter ligg midt i Lom sentrum.
Vi arbeider med formidling og informasjon om natur, kultur og klima.
Norsk fjellsenter har eit spennande fagmiljø som har ansvar for forvaltning av nasjonalparkar, eig og driftar Klimapark 2469 i høgfjellet, arbeider mykje med formidling for skuleklassar og andre.
Vi formidlar menneske sin bruk av fjellet i førhistorisk tid gjennom dei fantastiske brearkeologiske gjenstandane i utstillinga Frose i tid.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2692254
- Sist endret
3. september 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0d22657b-0e17-4397-bab3-6062e3de3be1