Sommervikarer
Bykle kommune, pleie og omsorgstenesta
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Om jobben
Stillingstittel
Sommervikarer
Type ansettelse
Sesong
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Sommarvikarar 2024
Bykle sjukeheim, heimebasera omsorg, habilitering, kjøkken og reinhald treng ferievikarar innan fylgjande stillingsgrupper:
Sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, pleieassistent, miljøarbeidar, kokk, kjøkkenassistent og heimehjelp. Søkjarar til pleie- og omsorgsarbeid må ha fylt 18 år. Ferien vert avvikla i tidsrommet veke 25 til med veke 32. Ynskt stillingstype, avdeling, stillingsstorleik og arbeidsperiode må oppgjevast i søknaden. Søkjarar til open omsorg må ha sertifikat for personbil. Dei som ynskjer arbeid som heimehjelp må disponere eigen bil.
Me tilset sommarvikarar fortløpande, og det vil sendast ut tilbod om sommarjobb før fristen er gått ut!
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene vil vere i samsvar med oppgåver som høyrer til avdelinga du vert tilsett i.Kvalifikasjoner
Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnlegSøkjarar til heimebasera omsorg og habilitering må ha førarkort kl. B
Fordel med erfaring frå helse/omsorg
Politiattest må leggjast fram ved tilsetting
Personlige egenskaper
Trygg, sjølvstendig og kunne takle ein ansvarsfull jobbPositiv, serviceinnstilt og har godt humør
Du samarbeider godt med andre og er fleksibel Personlege eigenskapar vil bli vektlag
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med givande arbeidsoppgåver og engasjerte medarbeidarar
Tariff løn
Nyutdanna helsefagarbeidar, vernepleiar og sjukepleiar får løn etter 10 års ansiennitet
Sommerbonus om du arbeider 100 % stilling og bind deg til å arbeide veke 26 t.o.m. 31
Det er gode lønsvilkår for lege, sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar under utdanning, som vil ha sommarjobb i Bykle kommune
Det er krav om politiattest ved tilsetting
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ynskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Åvesland Hoslemo, Tjenesteleder, 47354904Arbeidssted
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bykle kommuneReferansenr.: 4764924901
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: kommunedirektør med stab/støtteavdelingar og 7 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2576992
- Sist endret
8. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8fefc75a837742efae5aa1365c641cec