Sakshandsamar 60% vikariat ved koordinering- og tildelingskontoret - ID 1653
Vinje helse og omsorg
Sakshandsamar 60% vikariat ved koordinering- og tildelingskontoret - ID 1653
Vi har ledig vikariat som sakshandsamar i perioden 12.08.2019-31.08.2020.
Koordinering- og tildelingskontoret har ei sentral rolle i å sikre heilskaplege og koordinerte tenester til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar, og skal ha merksemd mot alle pasient- og brukargrupper. Samordning av tenester er eit av satsingsområda i kommunedelplan for Helse og omsorg 2017 – 2030.
Hovudoppgåver:
• Sakshandsaming og tildeling av tenester i tråd med aktuelt lovverk.
• Koordinering av tenester i og mellom dei ulike deler av tenestekjeda.
• Samarbeid med ulike instansar, internt og eksternt.
Vi ynskjer at du:
• Har kompetanse på høgskule/universitetsnivå
• Er engasjert og har lyst til å jobbe med forvaltningsoppgåver innom temaet helserett.
• Har gode evner til kommunikasjon – skriftleg og munnleg.
• Er sjølvstendig, samstundes som du likar å samarbeide med andre.
• Trivst med utfordringar og endringsarbeid.
Har du erfaring frå sakshandsaming / økonomi er det ein fordel.
Ved spørsmål om stillinga: Kontakt Torhild Naustvik- Jortveit, leiar koordinering- og tildelingskontoret tlf. 90990294
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema, sjå www.vinje.kommune.no
Søknadsfrist: 07.06.2019