Psykolog/Spesialpedagog/Pedagog
Habilitering barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog/Spesialpedagog/pedagog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. november
Habilitering barn og ungdom ved Ålesund sjukehus har ledig eit 100% vikariat for psykologspesialist frå 01.01.25 til 30.09.25.
Habilitering av barn og ungdom i Ålesund har eit tverrfagleg team som består av lege, psykolog/psykologspesialist, fysioterapeut, ergoterapeut, vernepleiar, pedagog, sjukepleiar og merkantilt personale.
Vi arbeider i tverrfaglege team med diagnostisering, oppfølging/behandling, rettleiing og pasientopplæring. HABU har utstrakt samarbeid med kommunale tenester, og store delar av tenesta er ambulant. Målgruppa vår er born med medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming/langvarig sjukdom, som har behov for tverrfaglege habiliteringstenester på spesialistnivå.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp, saman med søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering
- Samarbeid i tverrfagleg team knytt til både utgreiing og behandling/oppfølging
- Pasientopplæring
- Oppfølging av foreldre/føresette
- Samarbeid med fagfolk i 1. linjetenesta, 2. linjetenesta og øvrige samarbeidspartnarar
- Delta i fagutvikling og forsking
- Ambulant arbeid er ein viktig del av oppgåvene våre. Søkjar må ha førarkort (klasse B). Vi har tenestebilar til disposisjon.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
- Psykologar utan spesialisering er også velkomne til å søkje
- Erfaring og kjennskap til utgreiing og oppfølging av HABU sine målgrupper
- Særleg kunnskap om menneske med psykisk utviklingshemming og/eller autisme med ulike tilleggsvanskar er spesielt ønskjeleg
- Erfaring og kompetanse innan utgreiing og behandling/oppfølging for desse målgruppene
- Evne til å rettleiie fagpersonar i førstelinjetenesta
- Meistre norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Heilskapsforståing
- Fleksibel
- Strukturert og målretta, med evne til sjølvstendig planlegging
- Gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg miljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Anne Helene Marøy Ulvestad, Seksjonsleiar, +47 70 10 64 46, Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4878793603
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2792369
- Hentet fra
talentech
- Referanse
398168cfca6a46fc85edfc19ba0c713c