Medisinstudent med lisens
Psykiatrisk klinikk / Regional avdeling spiseforstyrrelser, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Medisinstudent med lisens
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Regional avdeling spiseforstyrringar er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssykehus. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområde. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling og Avdeling psykosomatisk medisin.
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet.
RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt ein spesialistpoliklinikk. I tillegg har vi eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Avdelinga har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge.
Som medisinstudent med lisens ved Regional avdeling spiseforstyrringar vil du ha tett samarbeid med overlege, som vil ha det medisinskfaglege ansvaret. Du vil også samarbeide med vårt spesialiserte tverrfaglege team med psykologspesialistar, psykologar, miljøpersonale, klinisk ernæringsfysiologar og sosionom. Teamet har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest. Vikariatet er ledig frå 01. mars til 30. juni 2025.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Ha norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for pasientgruppa
- Du har god evne til samarbeid
- Du er strukturert og beslutningsdyktig
- Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt miljø
Vi tilbyr
- Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
- Høgt fagleg nivå på behandling av alvorlege spiseforstyrringar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Svetlana Raknes, Avdelingsoverlege, 5597 6838, svetlana.raknes@helse-begen.noSigne Haugen, Konstituert avdelingssjef, +47 55976822
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4915146566
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 03.03.2025
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Signe Haugen
Konstituert avdelingssjef
+47 55976822
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2859783
- Hentet fra
talentech
- Referanse
97d0201dd6e74bbe9f3b2817cbe78635