TRUSOPPLÆRINGSMEDARBEIDAR - 50% med høve til utviding til 75% frå 2020
Vi søkjer etter ein trusopplæringsmedarbeidar/kyrkjelydspedagog som kan vere med på å drive og vidareutvikle trusopplæringsarbeidet i Volda fellesrådsområde. Stillinga inngår i trusopplæringsteamet saman med kateketen. Kateketen er leiar av undervisningsarbeidet og trusopplæringsteamet.
Arbeidsoppgåver
• Planlegge og gjennomføre trusopplæringsarbeidet i samarbeid med tilsette og frivillige
• Ta del i konfirmantarbeidet
• Drive rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar
• Ta del i samarbeidet kyrkje - skule/barnehage
• Ta del i møta i trusopplæringsutvalet
Vi søkjer etter kyrkjelydspedagog, men vil også vurdere søkjarar med anna relevant utdanning.
Kvalifikasjonar
• Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom/teologi og pedagogikk
• Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom
• Ene til å skape gode relasjonar
• Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
• Leiarerfaring
• Evne til samarbeid og teamtenking
• Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
• Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
• God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
• Grunnleggande datakunnskap
• Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
Vi tilbyr:
• Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
• Moderne kontorarbeidsplass på Volda kyrkjekontor
• Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
• Pensjonsordning i KLP
Det er aktuelt å utvide stillinga med inntil 25% frå 2020 som ein konsekvens av utvidinga i talet på sokn og medlemmer.
For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må søkjaren disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Politiattest skal ligge føre før tilsetting. Vi nyttar intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.
For nærare opplysningar ta kontakt med:
• Kyrkjeverje Jostein Stråbø på tlf. 91663549 eller kyrkjeverja@volda.kyrkja.no
• Kateket Constanze Lindner på tlf. 97179970 eller kateket@volda.kyrkja.no
Om bedriften
Volda kyrkjelege fellesråd har fire sokn, Volda, Dalsfjord, Kilsfjord, og Austefjord med kvar si kyrkje. Vi har prost, to sokneprestar, kyrkjeverje, kateket og sekretær som dekkjer heile prestegjeldet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar, kyrkjelydssekretær og diakoni-/ungdomsarbeidar i deltidsstilling. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar i deltidstillingar.
Volda kommune er inne ein prosess med kommunesamanslåing som òg har konsekvensar for kyrkja. Frå 2020 vil vi ha to nye sokn i fellesrådsområdet, Hornindal og Storfjorden.
Volda kommune (560 km2)ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet er om lag 9200. Nær 77 % høyrer til Den norske kyrkja. Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.