Miljørettleiar
For neste skuleår har Sogndal kommune behov for deg som er miljørettleiarar på skulane Kvåle, Kaupanger og Trudvang. Skule - SOGNDAL KOMMUNE.
Kvåle skule
- 2x86% miljørettleiar
Arbeid med sfo i skuleferiane kan bli aktuelt
Kaupanger skule
- 100% miljørettleiar - innanfor skule og sfo.
Trudvang skule
- 4 x 86 % miljørettleiar
Stillingsprosentane kan bli justerte og det kan også bli endringar i behovet fram mot skulestart.
Arbeidsoppgåver:
- Stillingane inneber jobbing både i skule- og SFO tida.
- Jobbing i klassar og styrking og oppfølging av barn.
Kvalifikasjonar:
- Ønskjeleg med 3 årig høgskuleutdanning innan barnevern, vernepleiar sosionom. Evt andre tilsvarande høg
- Fagarbeidar/Barne- og ungdomsarbeider.
Lang erfaring med barn og unge kan kompensere for manglande formal kompetanse.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter avtaleverket
Utlysinga gjeld og for andre miljørettleiarstillingar som eventuelt vert ledige for skuleåret 2024-2025.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her