HR konsulent
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
Stillingstittel
HR konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Om stillinga
I Vaksdal kommune har vi ledig stilling som konsulent innan HR og organisasjonsutvikling. Stillinga passer godt for personar som ynskjer gode utviklingsmoglegheiter og som likar å jobbe på tvers av organisasjonen. Rettleiing og service til linjeleiarar og tilsette er ein vikig del av stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving og rettleiing til linjeleiarar/tilsette i personal- og HR spørsmål
- Koordinering av rekrutteringsprosessar i rekrutterigsportalen Jobbnorge
- Koordinering av tilsetjing og arbeidsavtalar
- Gjennomføring av 10-faktor medarbedarundersøking og bistå avdelingsleiarar med spørsmål og oppfølging av undersøkinga
- Administrator i HR systemet Visma plus
- Gje støtte og rettleiing til leiarar i oppfylging av sjukmelde
- Støtte ved digitalisering og implementering av nye system (HR-retta)
- Bistå HR leiar i ulike prosjekt
- Andre førefallende oppgåver på HR og orgasajonsutvikling
Krav til utdanning, erfaring og personlege eigenskaper
Kvalifikasjoner
- 3 årig høgskule, bachelor i HR og Leiing
- Relevant erfaring frå HR og organisasjon er ein fordel
- Digital forståing og kompetanse
- Erfaring frå offentleg verksemd er eit fortrinn
Personlige eigenskapar
- Du tek initiativ og likar å ha fleire ballar i lufta
- Du har høg gjennomføringsevne og samarbeider godt med dine kollegaer
- Du er interessert i å dele kunnskap og erfaring
- Du er serviceinnstilt og likar å hjelpe andre
- Du er oppteken av utvikling, tør å prøve og feile, vågar å kome med nye tankar og idéar
Vi tilbyr
- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgaver
- Fleksibel arbeidstid
- Eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordninger gjennom KLP
- Løn etter avtale
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfylging
- Mogelegheitar for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Spørsmål om stillingen
- Randi Solveig Pedersen
- Leiar HR, organisasjonsutvikling og Innbyggjarservice
- +47 90771461 randi.solveig.pedersen@vaksdal.kommune.no
Kontaktperson for stillingen
Randi Solveig Pedersen
Leder HR, organisasjonsutvikling og Innbyggjarservice
+4790771461
Om bedriften
- I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
- Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.
- Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk dugleik.
- I henhald til offentlegheitsloven §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å stå på søkjarlista.
- Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Sektor
Offentlig
Nettsted