Miljøterapeut 100 %
Behandling av ungdom, Bufetat
Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut 100 %
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Bufetat region vest skal opprette ei ny avdeling som skal gi eit behandlingstilbod til 3 ungdommar i alderen 13- 18 år med alvorleg åtferdsvanskar. Her vil arbeidskvardagen bestå av målretta og systematisk miljøterapi for å hjelpe ungdomar med store utfordringar til å få ein betre kvardag.
Vi søker deg som:
- Vil være i lag med ungdomen, ha samtalar, gjennomfører aktivitetar og gjere kvardagslege ting i lag, også når det krev stor innsats og mykje motiveringsarbeid.
- Anerkjenner at det ligg mykje arbeid bak ein vanleg dag for vår målgruppe.
- Toler å stå i konfliktar på en trygg måte, samtidig som du forstår at ungdommen har det vanskeleg.
- Jobbar strukturert og målretta for å hjelpe våre ungdomar til å oppleve meistring, og ta betre val for seg sjølve.
- Vil arbeide med traumebevist omsorg, avdelinga sine retningsliner og faglege rettleiarar.
- Trivs både med å arbeide sjølvstendig og i team.
Du vil få være med å starte ei heilt ny avdeling, saman med ei ny personalgruppe på ca 25 tilsette. Avdelinga skal arbeide fagleg og metodisk rundt den enkelte ungdomen, for tida arbeider vi etter omsorgs- og endringsmodellen og forløp i barnevernsinstitusjonar. De vil få opplæring og rettleiing frå nasjonalt kompetansemiljø og frå regionen sin egen faglege støtte seksjon. Det vil også kvar veke gjennomførast tryggleik og sikkerheitstrening saman med kollegaer.
Arbeidstidsordninga er for tida todelt turnus med dag og kveldsvakter, med arbeid kvar fjerde helg. Avdelinga vil være lokalisert på Tveiterås, Fana bydel i Bergen. Oppstart etter avtale.
Vi ynskjer ei tilnærma lik kjønnsfordeling blant våre tilsette, med bakgrunn i gitte føringar i rettigheitsforskrifta. På bakgrunn av dette, oppmodar vi særleg kvalifiserte menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Målretta og systematisk miljøterapi med ungdomane som bur på avdelinga.
- Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, skule, helse og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
- Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing.
- Delta i og ha ansvar for møter som omhandlar ungdomane, samt overlapping ved vaktskifte.
- Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga.
Kvalifikasjonar
- Det vert i utgangspunktet stilt krav om treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog , eller ergoterapeut kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
- For alle søkarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.
- Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernslova og barnevernets arbeid.
- God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
- God skriftleg og munnleg norskkunnskapar.
- Krav om førarkort for personbil.
Personlege eigenskapar
- Har evne til å ta ansvar, er fleksibel og trygg i vaksenrolla.
- Kan ivareta ungdom og deira behov, samstundes som du kan oppretthalde god struktur og jobbe etter gjeldande fagmodell.
- Har gode evner til å bygge relasjon.
- Toler å stå i konflikt, og samtidig syne forståing for at ungdomane har det vanskeleg.
- Er fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte.
- Trivs med utfordringar.
- Har evne til å ta imot rettleiing og å gjere seg nytte av denne.
- Er lojal mot slutningar som er tatt, men kan bidra med innspel og refleksjon i eigna fora.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Har god fysisk og psykisk helse.
Vi tilbyr
- Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar: kr 466 600 - kr 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut: kr 524 700 - kr 624 500 pr. år (ltr. 53-64) eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog: kr 532 200- 624 500 pr. år (ltr. 54 - 64).
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
Me gjer merksam på at sentrale tillegg frå årets lønnsoppgjer enno ikkje er ferdigbehandla i Staten for 2024.
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bufetat region vest, behandling for ungdom.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Mariann Hopland van der Kooij, Seniorrådgivar , 46615129, mariannhopland.vanderkooij@bufetat.noHilde Kristin Morken, Seniorrådgivar, 46619869, hilde.kristin.morken@bufetat.no
Arbeidssted
Sandbrekkevegen 275231 Paradis
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4886832604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794793
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bdae01342f594c5b982530faf204de27