Helgevakter/ ringevikarar - Pleie og omsorg Rosendalstunet
Omtale av stillinga
Vi søkjer etter helgevakter for mellombels tilsetjing i stillingar frå ca 14% til ca. 21% stilling i turnus med arbeid kvar 2 - 3 helg.
Vi søkjer og etter ringevikarar som kan tilkassast ved fråvær i personalgruppa. Dette kan vera frå enkelt dagar, til kortare vikariat. Ringevikarane må pårekna arbeid i turnus. Som arbeidsgjevar ønsker vi at du skriv i søknaden om du er tilgjengeleg både dag, kveld og natt. Set gjerne opp i prioritert rekkefølgje.
Kvalifikasjonar
Du bør vera fylt 18 år. Skule elevar som går på helsefag vert oppmoda om å søkja.
Du må ha gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskaper
-Tolmodig og empatisk med ator respekt for pasienten
-Evne til å skape tryggleik for pasienten
-Er trygg i pleiesituasjon og evnar å arbeida sjølvstendig.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.