Frisør med svennebrev - Balanzera
Ynskjer du å bli del av eit kollegium med svært dyktige kollegaer, og ei versemd som bryr seg om deg og dine vilkår?
Vi søkjer frisørar med svennebrev og ekstra engasjement. Du bør sjå viktigheiten av å gjere ein jobb av høg kvalitet og gje kundane den beste frisøropplevinga dei kan tenke seg.
Du bør og`ha interesse av å drive med grøne frisørprodukt. Altså, om du ikkje har gjort det før må du vere open for å lære ein ny måte å arbeide som frisør på. Grøne frisørprodukt vil seie at vi er nøye på at produkta vi arbeider med ikkje skal inneholde skadelege stoff.
Altså, vi ynskjer det beste for deg, kundane og jorda vår. Men vi går absolutt ikkje på kompromi med kvalitet. Fargane vi nyttar er det fremste og mest innovative på markedet, med uendelege moglegheiter.
Så ynskjer du å arbeide i eit kreativt, trygt og godt arbeidsmiljø så ta kontakt. Vi søkjer frisørar til alle avdelingane våre, på Grünerløkka, Bislett og i Kviteseid.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Balanzera er ein av Noregs fyrste og fremste grøne frisørsalongar. Vi har etablert oss godt på Grünerløkka i Oslo dei siste 15 åra. Deretter opna 2 nye avdelingar på Frogner i Oslo og i Kviteseid i Telemark i 2018. Vi er genuint opptatt av å ta vare på frisørane våre, kundane våre og ikkje minst miljøet. Vi vil vere meir enn ein jobb. Vi vil vere ei ekstra støtte i livet. Vi ledar frå hjarte og tek alle våre ansatte på alvor. Vi ønskjer å ha eit tett samarbeid og jobbe med utvikling av ansatte og bedrifta, som eit team. Balanzera er meir enn ein frisørsalong. Det er eit heilheitleg velværesenter, der både frisør og kunde skal få ro og gode opplevingar. Vi utviklar oss og ønskjer å jobbe endå breiare. Dvs. tilby andre tjenester som yoga, meditasjon, kroppspleie, naprapatbehandlingar osv.