Helgestilling, sjukepleiar/vernepleiar
Avdeling for rusmedisin/ AFR Tertnes, Helse Bergen
Tertnesveien 35, 5113 Tertnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar - fast helgestilling
Type ansettelse
Fast, deltid 18%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. mars
Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er
ein del av Avdeling for rusmedisin og består av ei sengepost og
poliklinikk/ambulant team. Seksjonen består i dag av 2 psykologspesialistar, 1 lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk sosionom, kunst- og
uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi jobbar
tverrfagleg der alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga rundt
pasienten.
Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner.
Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har
tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg
tilbod om brukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare
fasar.
Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt
tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar
tverrfagleg ut i frå eit obligatorisk behandlingsprogram, mellom anna beståande
av gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og mentaliseringsbasert
miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfagleg
oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.
Vi har no ledig ei helgestilling kor det er moglegheiter for arbeid kvar 3. helg med dag- og kveldsvakter eller kvar 4. helg med langvakter.
Arbeidsoppgåver
- Rusbehandling
- Medisinering
- Abstinensbehandling
- Motivasjonsarbeid for å skape endring
- Tverretatleg samarbeid for å betre pasientens livssituasjon
- Kartlegging av sosialt nettverk, arbeid, skole og anna
- Kartlegging av rusmiddelbruk
- Kartlegging av somatisk og psykisk helse
- Vurdering av andre tilbod og behandling
- Koordinering av tiltak saman med aktuelle samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Forarkort klasse B
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Du må ha:- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
- evne til å sjå pasientane sine behov
- positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
- respekt for kvar enkelt pasient
- erfaring med pasientgruppen er ønskeleg
Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Emma-Louice Jansdotter Håvåg, Leiar, 90713289Arbeidsstad
Tertnesveien 355113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4923171544
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 03.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Emma-Louice Jansdotter Håvåg
Leiar
90713289
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2867866
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ebc4483af32f40379a6e2218777a285e