Ledige stillingar
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. februar
Pleie og omsorg i Lærdal kommune søker fleire dyktige kollegaer i 100% faste stillingar. Det er ledige stillingar både i institusjon og heimebasert omsorg.
Lærdal bu og omsorgsheim har 22 plassar, der 6 plassar er knytt til demensavdelinga og 4 til kortidsplassar. I tillegg skal det opprettast KAD-plassar frå mai 2025.
Heimetenesta yter tenester til ca. 70 tenestemottakarar rundt om i kommunen, deriblant 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustadar. Me er samlokaliserte med kjøken, aktivitetstove, demenskoordinator, fysio/ ergo, kreftkoordinator og administrasjon i pleie og omsorg, med fokus på samarbeid!
Me søkjer deg med helsefagleg utdanning til ein spennande arbeidskvardag der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillingane har turnus med arbeid kvar 3. helg, med mogelegheit for langvakt på helg, og samla fri. Årsturnus. Fortløpande tilsetjing.
Dine oppgåver vil være å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplever å meistre sin sjukdom/helseplager i størst mogeleg grad. Systematisk kartlegging av brukarane og oppfølging for å avdekke forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksette rette tiltak, der meistring av eige liv for brukaren er målsetnaden. Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, fastlege og spesialisthelsetenesta kring: medisinsk oppfølging, velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og palliasjon vil vere stikkord i ditt arbeid.
Er dette deg?- Høg arbeidsmoral, ansvarsfull og gode haldningar
- Likar å jobbe med menneskjer
- Fleksibel og god på samhandling - finn den beste løysninga
- Evne til å arbeide i eit hektisk miljø
- God til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeide med andre
- Gjer til kjenne det du ynskjer å lære, slik at du får den opplæringa du har behov for
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Mogelegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Ufaglærte som ynskjer å ta utdanning vert også oppfordra til å søkje
- Førerkort klasse B - godkjent i Norge (heimebasert omsorg)
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkarar utanfor Skandinavia
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode mogelegheiter for vidareutdanning
- Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids SFO for 1 klassinger, gratis deltids SFO til 3 klasse.
- Gratis kommunale bustadtomter, rett ved Borgund sentrum
- Eit vel av fritidsmogelegheiter; fiske, jakt, utsiktsturar, toppturar til ski og til fots
- Eit rikt organisasjon og kulturliv, med mange små og mellomstore arrangement gjennom året, som Lærdalsmarknaden, Jordeplerock, Kom heimatt, Rakfisk-VM, motbakke og terrengløp.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2833962
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3452005_228185_nn