Avdelingsleiar Haram bustadar 2
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Ulvestadvegen 6, 6265 Vatne
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Haram bustadar 2
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Vi søkjer etter ein engasjert og nytenkjande avdelingsleiar som er oppteken av leiing, fagutvikling og kompetanseutvikling i 100% fast stilling. Som avdelingsleiar vil arbeidsstad vere delt mellom Brattvåg og Solbakken bukollektiv.
Haram bustadar blir frå 2025 delt inn i 3 avdelingar. Haram bustadar 1 består av bustadar, Haram bustadar 2 består av bustadar, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Avdeling 3 består av barnebustad og barneavlastning. Som avdelingsleiar vil du jobbe i team ilag med dei 2 andre avdelingsleiarane og med tenesteleiar. Vi gir i hovudsak tenestar til mennesker med diagnose utviklingshemming. Butenesta er opptatt av å gi gode tenester til tenestemottakarane og skape eit godt arbeidsmiljø for tilsette.
Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som avdelingsleiar skal du vere med å lede dette arbeidet.
Stillinga er ledig frå 3. mars -25, eller etter avtale.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Mellomleiar med ansvar for dagleg, fagleg drift og personalansvar
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna kommunale føringar
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområde
- Legge til rette for ein god dialog med tenestemottakarar, pårørande og andre delar av tenestetilbodet i kommunen
- Legge til rette for eit godt samarbeid og skape aktive og motiverte tilsette
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie, vernepleie eller anna 3-årig helse eller sosialfaglig u/h-utdanning.
- Vidareutdanning i leiing/villig til å ta vidareutdanning i leiing
- Erfaring som leiar er ønskeleg men ikkje eit krav
- Beherske norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg
- Personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Vere engasjert i fag og leiing
- Evne til sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid
- God kjennskap til og forståing for kommunen sine oppgåver
- Løysingsfokus og høg gjennomføringsevne
- Kunne sette deg raskt inn i nye oppgåver
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å skape tillit, lytte og til å vere til stades
- Fleksibel, nytenkande og løysningsorientert
- Evne til å bygge nettverk, gode samarbeidsevner og like å jobbe i team
- Trivast å jobbe med mennesker og like å veilede andre
- God arbeidskapasitet.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Fleksitid
- Eit godt og engasjert fagmiljø der vi er opptekne av utvikling og velferdsteknologi
- Eit godt samarbeidsklima i leiarteamet
- Ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein framoverlent kommuneorganisasjon
- Lønn etter avtale
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@alesund.kommune.noArbeidsstad
Ulvestadvegen 66265 vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4895398515
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2818803
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a50e7bbfa3b240aa943c0d7021e7f0ef