Ungdomsarbeidar ved Ål ungdomsfrivilligsentral
Ål kommune Sentraladministrasjon
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søkjer etter ein engasjert ungdomsarbeider i Ål ungdomsfrivilligsentral i fyrste omgang fram til jul, men kan bli anledning til forelenging. Vi søkjer deg som trivst saman med barn og ungdom. Du må ha evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit godt sosialt fellesskap der alle blir inkludert.
Arbeidsoppgåver:- hallUng ungdomsklubb
- arbeidstid vil vere ettermiddag/kveld tysdag og torsdag
Kvalifikasjonar:
Ingen spesielle krav om utdanning, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge.
Eigenskapar:
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar. Vi ønskjer at du:
- har gode evner til å skape relasjonar
- er ein trygg vaksen
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har pågangsmot og engasjement
- er lojal og positiv
- er fleksibel og løysingsorientert
- har evne til å arbeide sjølvstendig
- kan uttrykke seg godt på norsk
- interessante og varierte arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande tariffavtale
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2758696
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3411099_200331_nn