Aktivitetsleiar 2024
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
Stillingstittel
Kultur og mangfald. Tilsetjing av sommarvertar 2024
Type ansettelse
Sesong, deltid
Antall stillinger
2
Har du lyst å vere med å skape aktivitet for barn og unge i sommar? Søk som aktivitetsleiar på aktivitetsveka!
Aktivitetsveka er ei veke med aktivitetar på dagtid for born og unge frå 1-10.klasse. I år er aktivitetsveka i veke 26. Målet er å ta i bruk heile kommunen for å gjennomføre aktivitetar. Dette skal vere ei kjekk veke fylt med spanande aktivitetar tilpassa ulike aldersgrupper. Tilbodet er gratis.
Gulen kommune søkjer etter to aktivitetsleiarar. Som aktivitetsleiar har du ansvar for å planlegge aktivitetar under aktivitetsveka. Dette innebær planlegge i tida før veke 26, samt under og detaljplanlegge etter behov og avtalar. Programmet bør vere klart i midten av mai. Desse oppgåvene samarbeidar ein om å utføre med andre aktivitsleiarar, frivilligsentralen og frivillige lag og organisasjonar. Døme på aktivitetar som kan vere mogleg, kan vere; fisking, tur, volleyball og liknande.
Opplegget skal lagast og tilpassast to aldersgrupper, kor noko kan vere felles:
1.-4. klasse og 5.-7. klasse.
Under aktivitetsveka har aktivitetsleiarane hovudansvaret for å klargjere til aktivitet, styre dagen og informere og styre dei andre aktivitetsvertane.
Kvalifikasjonar
- Du må vere over 16 år
- Du må vere interessert i å vere med barn og unge
- Du må like å planlegge og vere kreativ
- Du må vere ansvarsbevisst
- Det er positivt om du held på med, eller er ferdig med helse- og oppvekstfag, pedagogisk utdanning eller liknande
Oppstart
- Fyrste planleggingsmøte vil verte så snart som mogleg etter tilsetjing av aktivitetsleiarane
- Påmelding er tenkt kring 1.juni
- Arbeidstida vert avtalt med frivilligkoordinator
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2633430
- Sist endret
10. mai 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10208023