Vi søker kursrådgivar
Kurs i Norec
Ambisjonen vår er å tilby kurs som er innovative, relevante og utfordrande.
Framover skal Norec halde fleire kurs og formidle meir. Vi søker no etter ein kursrådgivar som er ein drivande god formidlar og flink i møte med menneske frå ulike kulturar.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Som kursrådgivar har du ansvar for planlegging, gjennomføring og utvikling av kurs til deltakarar, tilskotsmottakarar og andre målgrupper. Du blir fagleg og praktisk ansvarleg for kursa som vi held i Noreg, Johannesburg, Nairobi, Katmandu og Bogotá, i tillegg til digitalt.
Kursrådgivarane våre skal først og fremst legge til rette for læring. Men det er ein fordel å ha kompetanse innan til dømes berekraft og interkulturell kommunikasjon, i tillegg til helse og tryggleik på reise.
I Norec jobbar vi i lag for å sikre god kvalitet på alt vi gjer. Du vil bli involvert i tverrfaglege prosjektarbeid internt og samarbeid med eksterne leverandørar. Som kursrådgivar vil du også ha administrative oppgåver knytt til evaluering, rapportering og arkivering
Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?
Lurer du på korleis ein typisk arbeidsdag i Norec ser ut? Eller lurer du på korleis arbeidsmiljøet vårt er?
Ta gjerne kontakt med kursrådgivar Andreas på e-post, og spør om det du vil vite meir om.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning innan til dømes samfunnsvitskap, pedagogikk, språk eller andre relevante fagfelt
- minst to år arbeidserfaring, gjerne innan kursing, undervisning eller anna pedagogisk verksemd
- moglegheit til å reise i jobben på minimum tre-fem utanlandsreiser kvart år
- internasjonal arbeidserfaring og stor grad av interkulturell forståing
- gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, og du må meistre å halde kurs på engelsk. Andre språk kan vere ein fordel
- kunnskap og interesse for IKT-verktøy og gjerne erfaring frå, eller interesse for digital formidling
Om deg
Vi ser etter deg som liker ein variert arbeidskvardag. Du trivst med folk rundt deg, og evnar å ta ansvar og initiativ. Det er mykje sjølvstendig arbeid i stillinga, så du må kunne prioritere og ha god gjennomføringsevne. For å lykkast i jobben må du like å jobbe i team, vere samarbeidsorientert og omgjengeleg.
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi vil vektlegge personleg integritet og evne til å vise respekt for andre.
Hos oss får du:
- oppgåver der du får brukt alt du kan - og litt til
- eit lærande kollegium der det er rom for å prøve og feile
- gode velferdsordningar
- fleksibel arbeidstid og høve til å jobbe frå heimekontor to dager i veka
- moglegheit for trening i arbeidstida
- høve til å søke om bustadlån i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna etter avtale innanfor statens lønnsregulativ som rådgivar/kode 1434 frå kr. 540.500 – 646.000. Lønnsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring.
Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Les dette før du søker
- Vi meiner mangfald gjer oss betre til å løyse oppgåvene våre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
- Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Avkryssinga i jobbportalen blir berre brukt til anonymisert statistikk.
- Søkarlistene vert offentlege når søknadsfristen er ute. Dersom du vil bli unntatt den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Norec held til i Førde, mellom fjell og fjordar på det vakre Vestlandet.
Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN. Vi er eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, og gir unge menneske internasjonal arbeidserfaring og kunnskap innan berekraftig utvikling.
Meir enn 220 bedrifter, institusjonar og organisasjonar i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er del av det internasjonale nettverket vårt.
Les meir om Norec på www.norec.no