Kommunikasjonsrådgivar hos Eldreombodet
Jobbnorge ID: 187768
Kommunikasjonsrådgivar i Eldreombodet
Vi søker ein kommunikasjonsrådgivar som skal utvikle og koordinere kommunikasjonsarbeidet hos det nyoppretta Eldreombodet.
Ansvarsområda og arbeidsoppgåvene som høyrer til stillinga
Som kommunikasjonsrådgivar vil du samarbeide tett med og rapportere direkte til eldreombodet. Kommunikasjonsrådgivaren skal gi kommunikasjonsfaglege råd til eldreombodet og teamet rundt eldreombodet samt utarbeide god intern og ekstern kommunikasjon.
Kommunikasjonen mot omverda vil skje på mange flater og gjennom fleire kanalar. Det vil mellom anna vere behov for å utarbeide innhald til nyheitsartiklar og kronikkar. Vi ønsker oss derfor ein person som kan drive søkande journalistikk. Det vil vere behov for å drive innhaldsproduksjon til digitale flater og sosiale medium.
Personen vi søker skal bidra med omdømmebygging og vere med på å utvikle Eldreombodet.
Kvalifikasjonskrav
Vi søker ein kommunikasjonsrådgivar med desse kvalifikasjonane:
- Høgare utdanning innan journalistikk, kommunikasjons-/mediefag, statsvitskap/samfunnsfag eller humaniora. Lang og relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskravet.
- Brei kommunikasjonsfagleg erfaring og erfaring med innhaldsproduksjon i ein digital kontekst.
- Oppdatert kompetanse og erfaring på bruk av relevante kommunikasjonsflater.
- Kjennskap til offentleg forvaltning og politisk arbeid.
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar vi ser etter:
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- gode analytiske evner og god samfunnsforståing
- evne til å bygge relasjonar og tillit i samfunnet generelt og i organisasjonen
- god rolleforståing og høg personleg integritet
- evne til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar og tenke heilskapleg
- evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- nysgjerrig, kreativ og nytenkande
- nøyaktig
- fleksibel og omgjengeleg
- interesse og forståing for dei eldre sine utfordringar og moglegheiter.
Vi legg særleg stor vekt på at den vi tilset, er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Ei unik moglegheit til å få vere med på å utvikle og forme verksemda Eldreombodet.
- Konkurransedyktig lønn etter avtale.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse. 2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Vil du vite meir?
Dersom du vil ha meir informasjon om stillinga, kan du kontakte påtroppande eldreombod Bente Lund Jacobsen på telefon 971 08 288.
Vi gjer merksam på at Stortinget har fått til behandling Prop. 64 L (2019-2020) Lov om Eldreombodet, og stillinga blir lyst ut med atterhald om at Stortinget vedtek lova.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Vi ber om at du i søknaden gjer greie for resultat i tidlegare arbeidsforhold og motivasjonen for å søke på denne stillinga.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring. Vi arbeider målretta med å realisere regjeringa sitt inkluderingsmål. I dette ligg det mellom anna at vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Informasjon om søkarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukte til statistikkformål.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Om arbeidsgivar:
Regjeringa har avgjort å opprette eit nasjonalt eldreombod. Ombodet skal bidra til å ta vare på dei eldre sine interesser, rettar og behov på alle samfunnsområde. Hovudoppgåva til Eldreombodet vil vere å arbeide for å fremme eldre sine interesser overfor offentlege og private verksemder samt å følge med på utviklinga i situasjonen til dei eldre. Eldreombodet rettar seg både til eldre, pårørande og innbyggarar, politikarar, styresmakter, organisasjonar, offentlege tenester, kommunar, næringsliv og media m.m. Dette gir eldreombodet både ei pådrivarrolle og ei følge-med-rolle.
Eldreombodet skal ha kontor saman med Senter for et aldersvennlig Norge i Ålesund. Miljøet vil på sikt få rundt 15 medarbeidarar med variert fagleg bakgrunn.