Tilkallingsvikarar / helgestillingar i Time kommune
Org. nr: 859223672 Stillingsident: 4331330952 Presentasjon av stillingen:
Tilkallingsvikarar / helgestillingar i Time kommune
Det vil til tider vera behov for ringevikarar til dei ulike kommunalområda i Time kommune.
Du legg inn ein generell søknad der du oppgjer kva for eit område du kan tenka deg å jobbe innan. Eksempel kan vera omsorg, barnehage, skule eller reinhald. I omsorg er det også behov for helgestillingar.
Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag.
Leiarane i dei forskjellige avdelingane vil ved behov ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju.
Det finns stipendordningar for sjuke- og vernpleiarstudentar.
Det er krav om politiattest for alle områda.
Kontaktinformasjon
Evy Opsal, konsulent, 51 77 60 09
Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 30
4340 Bryne
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Time kommune
Referansenr.:4331330952
Stillingsprosent: 1%
Søknadsfrist: 31.12.2022
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.