Sjukepleiar/spesialsjukepleiar/vernepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4242409805 Presentasjon av stillingen:
Akutt- og utgreiingseininga psykisk helsevern barn og ungdom
Vi har 10 sengeplassar delt på 8 plassar for akutt hjelp og 2 intermediære plassar. Sengeposten er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Aldersgruppa er 12 -- 18 år, men det hender også at innleggingar av yngre barn og unge kan vere naudsynt. Vi har ei familieleilegheit som kan nyttast når foreldre/pårørande bør vere med.
Vi tek imot pasientar med psykiske lidingar både til frivillig innlegging (§2.1.) og tvungent psykisk helsevern (§3.2 og 3.3) i Psykisk helsevernlova.
Vi tek imot pasientar med ulike diagnosar, og kan såleis karakteriserast som ei allmennpsykiatrisk avdeling. Behandlinga blir individuelt retta, der kvar enkelt sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlar (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten.
I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling bruker vi mellom anna: samtale terapi, miljøterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter
Sengeposten i Ålesund har ledig 75% fast stilling for sjukepleiar/spesialsjukepleiar/vernepleiar frå snarast. Stillinga er f.t med natt-teneste og arbeid kvar tredje helg
Ved ev intern rokering kan annan stilling/stillingsbrøk bli ledig.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi
- Følgje opp avtalt behandlingsopplegg for pasientane
- Ta imot pasientar og planlegge utskriving i samråd med behandlar
- Samhandling med andre seksjonar og samarbeidsinstansar
- Bidra til fagutvikling
- Praktiske oppgåver i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Utdanning som sjukepleiar/vernepleiar
- Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus, men å vere personleg eigna blir vekta tyngst
- Ønskjeleg med relevant erfaring
Personlege eigenskapar
- Du trivast med å jobbe i team.
- Du trivast med å jobbe i tett samarbeid med både kollegaer, pasientar og pårørande.
- Du er roleg og empatisk.
- Du har arbeidshelse til å handtere ein tidvis hektisk kvardag.
- Du er oppteken av frivillighet og brukermedverknad.
- Du må vere personleg eigna.
Vi tilbyr
- Eit spanande fagmiljø
- Eit godt arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, 70106700
Arbeidsstad
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4242409805
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal