Vernepleiar - eining for funksjonshemma - ID 1121
Søknadsfrist: 15.07.2021 Ved eining for funksjonshemma i Kviteseid kommune jobbar det vernepleierar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeiderar/hjelpepleierar og assistentar som yter tenester til menneske med utviklingshemming og funksjonshemming i alderen 0 -- 100 år. Me har personell i heimen til den enkelte, i barnehagen, i skulen, på dagsenter og avlasting. Hovudarbeidsstaden er ved Lundenjordet som består av 14 bustader og ein avlastningsbustad, tilknytt ein personalbase. Lundenjordet ligg sentralt i Kviteseid med utsikt til Sundkilen.
Kviteseid kommune er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifisert til å søke uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Ved eining for funksjonshemma er fylgjande stillingar ledige:
Vernepleiar 100% fast, ID 1121, 2 x 100 % fast stilling, tilsetjing frå 16.08.21
Stillingane er i turnus, 35,5 t/v
Stilling 1 er for tida arbeid 4. kvar helg med langvakter. Stillinga vil i hovudsak være knytt opp mot arbeid i bufellesskapet.
Stilling 2 er for tida arbeid kvar 3. helg. Stillinga vil bli ein kombinasjon av arbeid i bufellesskap og inn i skule/barnehage med born med særskilde behov.
Arbeidsoppgåver:
- Direkte miljøarbeid
- Vernepleiarfagleg ansvarleg/koordinator for enkelte bebuarar
- Legemiddelhandtering
- Rettleiing og opplæring av kollegaer
- Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnerar
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som vernepleiar
- Anna relevant utdanning/vidareutdanning ift til menneske med utviklingshemming
- Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
- Kompetanse i dataprogrammet PROFIL
- Førarkort kl B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
- Evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre
- Ha evne til å take ansvar, vere sjølvstendig og trygg i vaksenrolla
- Kan ivaretake menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv
- Vere oppteken av å sjå nye og annleis løysingar, hovudsakleg med utgangspunkt i brukarens behov.
Andre relevante høgskuleutdanningar innan helse -- og sosialfag er også velkomne til å søkje. Ved intern rokering kan andre stillingar bli ledige.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.