Me søkjer lærarar til faste og mellombels stillingar frå hausten 2024
Kviteseid Skule
Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Om jobben
Vi søkjer etter gode klasseleiarar, dyktige og motiverte medarbeidarar som kan hjelpe oss med å vidareutvikle skulen
Stillingstittel
Lærer
Oppstart
17. juni 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Hva vi ser etter
Vi søkjer etter gode klasseleiarar, dyktige og motiverte medarbeidarar som kan hjelpe oss med å vidareutvikle skulen. I Kviteseid bidreg alle i arbeidet med utvikling av skulen, gjennom deltaking i det profesjonelle læringsfellesskapet.
Kvalifikasjonar:
-Godkjent pedagogisk utdanning
-Variert undervisningserfaring
-Gjerne utdanning og praksis som lærar i småskulen
-Gjerne godkjent utdanning innanfor språkfag i ungdomsskulen
Personlege eigenskapar:
-Du er ein tydeleg og varm klasseleiar, som ser alle elevar
-Du har fokus på kvalitet og høgt læringsutbytte hos elevane
-Du har god relasjonskompetanse og investerer i å skape gode relasjonar til alle elevane
-Du bidreg i personalet med faglege innspel og positiv innstilling i arbeidet
-Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
-Du har god fagleg og didaktisk kompetanse
-Du er løysingsorientert og har god samarbeidsevne
-Du er omstillingsdyktig og motivert for fagleg utvikling
-Du må rekne med å få spes.ped.ansv
Arbeidsoppgaver
-Undervise i høve til LK20
-Gje god tilrettelagt undervisning til elevar på ulike faglege nivå
-Ha ein inkluderande praksis for å få med alle elevar i fellesskapet i klassa både fagleg og sosialt
-Samarbeide med elevar, kollegaer, føresette og andre instansar for å gje eit best mogleg tilbod til alle elevar
-Ta aktivt del i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
-Bidra til eit godt læringsmiljø
Vi tilbyr
Kviteseid kommunen har ein storslagen natur med høge fjell og flotte vassdrag. Om du er innbyggjar eller turist vil du kunne oppleve eit rikt kultur- og fritidstilbod i Kviteseid gjennom heile året. Vi har museum, galleri, godt merka tur- og skiløyper, 9-hulls golfbane, klatrefelt og skianlegg. Vi har fleire koselege overnattingsbedrifter og serveringsstader.
Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark og har omlag 2 500 innbyggjarar fordelt på fleire bygder m.a. Vrådal og Morgedal. Kommuneadministrasjonen held til i Kviteseidbyen, ein koseleg liten <<by>> ved Telemarkskanalen.
Vi har eit variert næringsliv bygd på reiseliv, småindustri, landbruk, handel og tenesteyting.Kviteseid er ein kommune med blikket retta mot framtida. Vi vil ta vare på den rike historia og tradisjonane som gjer oss unik -- samstundes som vi vil legge til rette for vidare næringsutvikling og tilflytting.
Om bedriften
Kviteseid skule er ein barne og ungdomsskule. Me har eit fantastisk arbeidsmiljø der sjukefråver nærast er fråverande. Me har fokus på å vera eit godt lag der me hjelper kvarandre og støttar kvarandre.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2567682
- Sist endret
6. mars 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0a17d7b9-b4e5-4e64-90bb-e4da7073a14c