Fysioterapeut
Org. nr: 939461450 Stillingsident: 4235112865 Presentasjon av stillingen:
Frå 15.08.2020 er turnusstilling gjort om til fast stilling for off. godkjent fysioterapeut i eining for Ergo, fysio og friskliv. Vi søkjer difor etter fysioterapeut i 100 % fast stilling. Vi er ein stab på 8 personar fordelt på 7 stillingar, og eininga har ansvar for ergoterapitenesta, den kommunale fysioterapitenesta og friskliv for born og unge.
Arbeidsoppgåver
Eininga har brukarar i aldrar frå 0-100 og har mange ulike oppgåver og samarbeidspartar. Vi utfører oppgåvene våre i nært samarbeid med tilsette på ulike tenesteområde, som skular, barnehagar, helsestasjon og eldreomsorg. Det er krav om fleksibilitet knytt til stillinga. I tillegg til kurativ verksemd, kan det også verte aktuelt med oppgåver innan prosjekt og fysioterapi på korttidsavdeling/institusjon.
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent fysioterapeut
- Førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne til tverrfagleg samarbeid og kommunikasjon
- Evne til å vere kreativ og finne gode løysingar
- Fleksibel og serviceinnstilt haldning
- Trivast i arbeidet som fysioterapeut
- Stabil i stillinga og god yteevne
- Evne til å handtere og nytte elektroniske verkty
- Evne til å arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
Det er ein fordel om du tør å prøve nye ting og vågar å utfordre seg sjølv med nye oppgåver.
I ein kvardag med meir teknologi også i vår jobb, er det ein fordel med nødvendig kunnskap innan data og kommunikasjon, eller at du har evne til å sette seg inn i den teknologiske utviklinga vi treng i kvardagen.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde i tillegg til relevant tilleggsutdanning, etterutdanning og/eller kurs.
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver
- Breidt fagleg miljø
- Utviklingsmoglegheiter
- Godt arbeidsmiljø
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.2 -stillingar med krav om min. 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7066 Fysioterapeut
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram dokumentasjon av vitnemål og attestar.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Her kan du lese meir om heiltidskultur i Ørsta kommune.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Svendsli, Einingsleiar, 489 97 922, ragnhild.svensli@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
6150 Ørsta
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ørsta kommune
Referansenr.:4235112865
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2020
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap