Kantor i Ørskog og Skodje sokn 100%
Ålesund kyrkjelege fellesråd
Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Kantor i Ørskog og Skodje sokn 100%
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du jobbe som kantor i Ørskog og Skodje? Desse to sokna høyrer til i indre (austre) del av Ålesund, med kort avstand til Moa og Ålesund sentrum (20-30 min), og ein drøy time frå Molde (inkl. ferje).
Bygdene Ørskog og Skodje har vakker natur med gode forhold for friluftsliv, både sommar og vinter. I begge kyrkjelydane vert det gjennomført mange fine trusopplæringstiltak og det er høg deltaking ved konfirmasjon. I 2023 var det 70 konfirmantar i Skodje og 28 i Ørskog. Kyrkjelydane ønskjer å styrke satsinga overfor barnefamiliar, barn og unge.
Ørskog sokn har ca 1700 medlemmar. Ørskog kyrkje er ei langskipskyrkje med 600 sitteplassar. Kyrkjelyden har også eit godt og tenleg kyrkjelydshus like ved kyrkja. Skodje sokn har 3800 medlemmar. Kyrkja i Ørskog har eit orgel frå 1985 med 21 stemmer, bygd av Starup og Søn. Skodje kyrkje er ei langskipskyrkje med ytre krossform med om lag 350 sitteplassar. I kyrkja på Skodje er det eit Heinz Willbrand orgel frå 1991. Skodje kyrkjekor er ein viktig del av kulturlivet med konsertar både i Skodje- og Ørskog kyrkje.
Denne delen av Ålesund er eit vekstområde med aukande folketal og fleire barnefamiliar etablerer seg her.
Det er eit felles stabsfellesskap mellom sokna med ein sokneprest i kvart sokn, og ein felles kyrkjelydspedagog, kateket, kyrkjetenar, kantor og dagleg leiar. Kontorstaden for stillinga blir Skodje eller Ørskog.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre gudstenester og andre kyrkjelege handlingar.
- Inspirere til eit variert og bredt musikalsk utrykk i gudstenester og kyrkjelydane sitt øvrige musikkliv og ha ansvar for gjennomføring av konsertar og andre
- kulturarrangement i samarbeid med kollegaer, frivillige og sokneråd.
- Følgje opp kyrkjelydanes kyrkjemusikalske verksemd i tråd med soknerådas planer og prioriteringar.
- Medverke i skule-kyrkje og institusjonsarbeid.
- Delta på stabsmøter og andre relevante møter /utval.
- Tilsyn med kyrkjelydane sine orgel og andre instrument.
- Kyrkjekor
Kvalifikasjonar
- Kvalifikasjonskrav i henhold til tenesteordning for kantorar. Anna musikalsk utdanning og erfaring vil også bli vurdert.
- Krav om allsidige orgel- og pianoferdighetar.
- Søkjer må beherske fleire musikksjangere, være komfortabel me samspel og ha kunnskap og erfaring i korledelse.
- God kjennskap til norsk gudstenestetradisjon og liturgi.
- Evne til å gjennomføre prosjekter.
- Søker må beherske norsk eller skandinavisk språk, munnleg og skrifteleg.
Personlege eigenskapar
Kontaktskapande og samarbeidsvillig, evne til å arbeide sjølvstendig og i team.Interessert i, og open for musikalsk mangold og tverrfagleg arbeid.
Initiativrik, engasjert og inspirerande.
Anna
Søker må være medlem av Den norske kyrkja.
For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
Vi tilbyr
For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen.
Sokna Ørskog og Skodje blir hovudarbeidsplass, men den som blir tilset vil også få nokre arbeidsoppgåver i andre sokn, begavelsar og andre seremoniar.
Søknadsfrist: 1. september 2024
Tiltreding etter avtale
Kontakt:
Avdelingsleiar kyrkjelyd Hans Roar Aas 943 23 279
Arbeidssted
Langelandsvegen 176010 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Ålesund kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4843160154
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2024
Om bedriften
Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund 65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2710724
- Sist endret
2. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c54e4bc7dac44111b4deae8697b6a4d6