Tilkallingsvikar - Reinhald, Voss sjukehus
Bemanningssenteret, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar reinhald ved Voss sjukehus
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Antall stillinger
4
Seksjon Støttetenester har 15 stillingar og avdelinga har eit godt og stabilt fagmiljø med hyggelege kollegaer. Voss sjukehus har nær 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.
Vi har no ledige stillingar som tilkallingsvikar for reinhaldar frå snarast. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Voss sjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde
- Vedlikehaldsoppgåver
- Smittevask
- Vask og reiing av senger
- Arbeidsoppgåver i postkjøkken
- Hovudreinhald
- Dag-, kvelds- og helgevakter
- Avdelinga har i tillegg reinhald av personalbustader
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget
- Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er òg av interesse
- Det er krav til gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vera utadvendt og serviceinnstilt
- Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Kunne arbeide sjølvstendig men og ha gode samarbeidsevner
- Arbeidet er fysisk krevjande
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt fagleg arbeidsmiljø og teamarbeid med hyggelege kollegaer
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4856692012
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 13.10.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2737341
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b452b6546b0441229fbc66fce109cec7