Helsesjukepleiar, vikariat i 100 %. Eining Helse
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Ledig 100% vikariat som helsesjukepleiar i helsestasjons- og skulehelsetenesta i perioda 07.09.20 -- 08.03.21.
Om eininga Eininga for Helse er lokalisert i helsesenter med legekontor, helsestasjon, fysioterapi og ergoterapi.
Arbeidsoppgåver Kommunen har ledig ei 100% prosjektstilling knytt til skulehelsetenesta. Stillinga er mellombels i tidsrommet frå 07.09.20 -- 08.03.21
Krav til søkar
God datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
Bruke nynorsk som målføre.
Vi ønskjer primært søkjarar med helsesjukepleiarutdanning.
Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
Variert og spanande arbeidsplass med dyktige medarbeidarar, eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Søkarliste
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i
søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova
§ 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Den som blir tilsett må disponere eigen bil
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via
funksjonen "Send søknad"
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Camilla Hjellset, Mobil +47 91325930, Epost: Camilla.hjellset.oro@aukra.kommune.no
Om bedriften
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.
Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.