Sommarjobb på turistinformasjonen
Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst på ein kjekk sommarjobb i år?
På turistinformasjonen leitar me etter turistvertar som vil vera eit godt vertskap for besøkande som kjem til Kvinnherad denne sommaren. Turistane som kjem innom oss lurar på kva dei kan oppleve i kommunen, og turistverten sin jobb er å hjelpe turistane med det dei lurar på.
I samarbeid med veg og park kan stillinga som turistvert kombinerast med å gjera enkle oppgåver på kaiområdet i Rosendal. Dette vil i så fall inkludera å sjå til at det ser fint og ryddig ut på kaiområdet og ved terminalbygget.
Arbeidsoppgåvene som turistvert inkluderar:
Å hjelpe turistar på turistkontoret.
Ha tilsyn ved Skaalurensamlinga og bidra med formidling om samlinga.
Billettsal til utstillinga på Folgefonnsenteret og Skaalurensamlinga.
Sjå til at lokalet er ryddig innandørs og utandørs.
Ha tilsyn ved kaiområdet og terminalbygget (til dømes sjå til at terminalbygget og kaimområdet er ryddig for søppel).
Søkjarar frå 16 år vil verta vurderte.
Det er størst behov for turistvertar i juli, men heile skuleferien er aktuell. Me ber om at du i søknaden skriv kva tidsperiode du kan jobbe i.
Arbeidstid vil vera innanfor opningstidene våre kl. 10-18, med arbeid minst kvar 3. helg.
Lønn etter tariff.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2628361
- Sist endret
7. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3339195_225971_nn