Vikariat for sjukepleiar
Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal (døgn), Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen, 6450 Hjelset
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat for sykepleier
Oppstart
10. juni 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har no ledig 100% vikariat frå juni - 11.08.2025.
Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåva til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) og psykiske lidingar hos personar over 65 år (ved demens ingen aldersgrense). Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 6 plassar. Poliklinikken har ein utstrakt bruk av ambulant aktivitet der også miljøpersonale frå sengepost deltar. Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.
Hausten 2024 skal vi inn i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), og vi ser fram til å ha deg med på laget vårt.
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak; sansestimulering, TID – modellen, tillitsskapande arbeid og benytter mellom anna Marte Meo til rettleiing innan funksjonsstøttande kommunikasjon.Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og i poliklinikk.
Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak.
Halde seg fagleg oppdatert via seksjonen sine kompetansehevingstiltak.
Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane.
Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiarErfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg
Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer.Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på mennesker som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.
Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringer i organisasjonen vår
Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar
Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet
Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
Du må vere fagleg tydelig og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positive
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184Arbeidssted
Opdølvegen6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4798507979
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 10.06.2024
Sluttdato: 11.08.2025
Søknadsfrist: 26.04.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2620331
- Sist endret
27. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0a18145519c54626b3f91fda8ae6a043