Avdelingsleiar heimetenesta, 100% fast
Søkjer du nye utordringar? Etne Kommune har ledig stilling som avdelingsleiar i heimebasert teneste med base i Skånevik. Stillinga er på dagtid 100% , med 37,5 timers/veke. Me har eit omsorgssenter med bustadar som base for heimetenesta. Omsorgssenteret ligg idyllisk til i sentrum av Skånevik med flott utsikt mot sjøen. Heimetenesta gjer naudsynt helsehjelp og praktisk bistand etter tildelte vedtak om helse og omsorgstenester. Ein spennande og utfordrande stilling. Me søkjar etter ein person som ynskjer å leia med fokus på fagkunnskap, og som innehar rett kompetanse for dette arbeidet. Me ysnkjer ein avdelingsleiar som er kreativ, kan jobba sjølvstendig, er målretta, har arbeidsglede og likar utfordringar. Avdelingsleiaren må vera fleksibel og ha evne til å motivera og engasjera sine medarbeidarar, vera løysningsfokusert med fokus på brukarane og medarbeidarane i dei rammene som er gitt.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta i Skånevik har ca.18 årsverk fordelt på 24/7 drift.Avdelingsleiar rapportera til einingsleiar pleie- og omsorg.
- Avdelingsleiar vil ha ansvar for dagleg drift, fagleg ansvar og ha ansvar for å følgje opp avdelinga sine målsetjingar. Oppfølging av økonomi- og ressursstyring, planlegging og utvikling av avdelinga i tett samarbeid med leiarteamet.
- Ha ansvar for at me yt tenestar av god kvalitet innanfor tildelte ressursrammer og i samsvar med tenestemottakarane sine vedtak
- Samarbeide og dele kompetanse på tvers av eininga
- Kjenner til å bruke eininga sitt internkontrollsystem
- Gjera seg kjent med og bruke aktuelle dataprogram aktiv
- Interesse for velferdsteknologi
kompetanse:
Det er eit krav om :
- Autorisert sjukepleiar
- Førarkort kl B
- Beherske norsk både munntleg og skriftleg
- God kjennskap og erfaring med turnus arbeid.
Det er ønskeleg med : - Leiarutdanning / erfaring og vidareutdnning innan geriatri
- Erfaring frå arbeid med kommunale omsorgstenester
- God økonomiforståing
- God kjennskap til dataverktøy
Personlege eigenskapar
Me søkjer fleksibel og serviceinnstilt leiar som har stor arbeidskapasitet og evne til å utvikle sine medarbeidar og tenesta. Det vert vektlagt at ein har god evne til å samarbeide, godt humør og arbeidslyst, og ein må kunne jobbe sjølvstendig.Struktur og systemarbeid er viktig i denne stillinga.
Forhalde seg til gitte rammer og stressande arbeidskvardagar
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing.
Annan informasjon
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.