Miljøarbeidarar 2 x 100 %
Er du engasjert, initiativrik og trygg? Då kan du vera den me søkjer etter.
I bufellesskap Øystese har me ledig:
- 2 faste stillingar som miljøarbeidarar frå august 2024
- Stillingane er for tida med arbeid i todelt turnus der ein del vakter er seinvakter og med arbeid 3. kvar helg
Me ønskjer å bidra til at:
- Tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet
- Ha gode relasjonar til dei rundt seg
- Ta del i meiningsfullt arbeid og aktivitet
Bufellesskap Øystese har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev teneste til personar i 5 ulike bufellesskap. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
- Ta del i dagleg drift av bufellesskap og heimetenester til menneske med utviklingshemming
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Barne- og ungdomsarbeidarar kan vurderast om ein har erfaring frå brukargruppa.
- Ønskjeleg med relevant erfaring innan fagfeltet
- Førerkort klasse B
- Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg. Norsk kunnskap må tilsvare minst B1.
- Lærlingar som brenn for dette feltet og får autorisasjon i 2024 oppmodast også til å søkja.
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss deg som har:
- gode relasjons- og kommunikasjonsevner
- evne til arbeida med målretta miljøarbeid, er systematisk og ryddig som person
- gjennomføringsevne og vilje til jobba aktivt i forhold til å fremja sjølvbestemming og meistring hjå brukar
- gode haldningar, god lagspelar og kollega
Vi tilbyr
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon
- Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
- Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
- Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Kontaktinformasjon
Kjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, +47 948 86 215Arbeidsstad
Skårdalsvegen 205610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4797204379
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir