Lege i spesialisering augesjukdomar
Auge Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering augesjukdomar
Oppstart
1. november 2023
Type ansettelse
Vikariat
Antall stillinger
1
Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering med oppstart frå snarast, med mogelegheit for forlenging.
Seksjon for Auge er ein av sju seksjonar innan kirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Vi har i dag fire overlegar, fire LIS, ein optometrist og ein ortoptist. Opptaksområdet vårt er i hovudsak Sunnmøre med cirka 150 000 innbyggarar. Vi har fylkesfunksjon for oppfølging av premature og ROP-screening.
For å sikre eit robust og godt fagmiljø ønsker vi å styrke teamet vårt med fleire legar.
Vil du bli med på laget og skape gode helsetenester for pasientane våre, i eit spennande og engasjert fagmiljø?
Send oss ein søknad, vi vil veldig gjerne høyre frå deg!
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- 4-delt vaktordning
- Arbeid i poliklinikk og operasjonsstove
- Halde undervisning for kollegaer og sjukepleiegruppa
Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Norsk autorisasjon som lege
- Må mestre norsk språk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Pasienten i fokus
- Positiv innstilling
- Stort engasjement for pasient og oftalmologi
- Fleksibel
- Like å undervise
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Karoline Roald Skjong, Konst. seksjonsleiar, +47 93898973, Karoline.Roald.Skjong@helse-mr.noArbeidsstad
Ålesund sjukehus6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4714585587
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2023
Sluttdato: 30.04.2024
Søknadsfrist: 16.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2449066
- Sist endret
17. oktober 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
520ae1e238d844c3ad1b49b087f30e67