Medarbeidar psykisk helse og rus
Hareid kommune, Helse og koordinerande eining
Hjellebakken 10, 6060 Hareid
Om jobben
Stillingstittel
Medarbeidar psykisk helse og rus
Oppstart
2. september 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi søkjer ein engasjert og dyktig medarbeidar til eit vikariat i tenesta for psykisk helse og rus. Det er 100 prosent vikariat ut 2025 med høve til forlenging i heile eller delar av stillinga. Tenesta er ein del av helse- og koordinerande eining i sektor for velferd. Vi held til i ein eigen fløy i same bygg som sjukeheimen. Her er det kontor, samtalerom og dagsenter. Du vil også ha oppgåver ute og heime hjå brukarar.
Vi er eit tverrfagleg team med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og barnevernspedagogar. Vi arbeidar for å skape gode og berekraftige helsetenester for brukarane våre.
Arbeidsoppgåver
Som arbeidar i tenesta vil du ha desse arbeidsoppgåvene:
- miljøterapeutisk arbeid på individ- og gruppenivå
- ha støttesamtalar og rettleiing
- samarbeide med andre fagfolk i kommunen og utanfor
- vere med på lågterskelarbeid som til dømes dagsenter og «opa dør»
- rapportere og dokumentere arbeidet ditt
- delta i utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
For å søke på stillinga ønsker vi at du har desse kvalifikasjonane:
- minimum 3-årig høgskuleutdanning innan til dømes sosialt arbeid, sjukepleie, vernepleie, sosionomfag eller barnevern
- vi opnar også for at andre med relevant utdanning og kompetanse kan søkje
- helst vidareutdanning innan psykisk helse og/ eller rus.
- gjerne relevant erfaring
Du bør ha førarkort klasse B og du må ha kunne framvise politiattest om du får tilbod om stillinga
Personlege eigenskapar
Vi ønsker at du har desse personlege eigenskapane:
- du er imøtekomande og positiv
- du bygger gode relasjonar og skapar tillit
- du taklar krevjande og utfordrande situasjonar
- du arbeider både sjølvstendig og i team
- du er initiativrik og løysingsorientert
- du har gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg
- du er personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
Vi tilbyr deg:
- eit godt arbeidsmiljø med fagleg og sosial støtte
- varierte og spennande arbeidsoppgåver
- løn i samsvar med tariffavtale
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Løn etter nærare avtale. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Webcruiter. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Offentleg søkarliste vert utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngje dette I Webcruiter. Du vil bli varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge
Kontaktinformasjon
Kari-Janne Ljones Kulø, Einingsleiar, +47 99435473Arbeidsstad
Hjellebakken 106060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4804536381
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.09.2024
Søknadsfrist: 12.05.2024
Om bedriften
Hareid kommune har 5322 innbyggarar, og ligg sentralt på Sunnmøre i eit knutepunkt mellom Ålesund og bygdebyane rundt. Kommunen er i vekst og har skapt eit livskraftig samfunn på Hareidlandet i godt samarbeid med engasjerte innbyggjarar og gode naboar.
Hareid kommune er ein god arbeidsplass, og ein god kultur- og bukommune i ein sterk og rik arbeidslivsregion.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2632678
- Sist endret
13. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf9630e8bf054e1096f6368cc4f86f62