Sesongsmedarbeider til alpinanlegg
Norway`s best
5713 Vossestrand
Om jobben
Stillingstittel
Servicemedarbeider
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Antall stillinger
15
Ynskjer du deg til fjellet? Me treng fleire dyktige sesongmedarbeidarar i vinter.
Norway's best og Myrkdalen søkjer sesonsmedarbeidarar til vintersesongen 24/25
Myrkdalen er ein fjelldestinasjon med mange aktivitetar og arrangement som går gjennom vintersesongen med eit bredt kundesegment. Hjå oss vert du ein del av eit engasjert og kunnskapsrikt team. Me står i front for at gjestene våre skal få ei god og trygg oppleving av destinasjonen vår.
Er du imøtekomande, serviceinnstilt og trivst godt på ein til tider hektisk, men spennande arbeidsplass?
Me har ledige stillingar som sesongmedarbeidar, både heiltid og i helg/ferie.Jobb i helg/ferie passar godt inntil skule / studie eller som ein ekstra helgejobb.
Ledige stillingar:
- Skipatrulje - Fast i sesong og helg/ferie
- Velkomstsenter kafe og kiosk Myrkdalsstovo. Fast i sesong
- Billettsal – kioskmedarbeidar. Helg/ferie
- Heisfører, fast i sesongen ( over 18 år )
- Heisfører Helg/ferie ( over 18 år )
- Heisfører assistentar - Helg/ferie
- Trakkemaskinfører (førekort)
Skisesong 1 desember -1 mai
Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hardanger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2705682
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5f999fc534a94b48a95b70afbe11998e