Arrangementsansvarleg Parken kulturhus
Kultur og fritid, Kommunalområde Samfunn
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Arrangmentsansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med å skape gode opplevingar?
Parken kulturhus opna i 1998, og er Ålesund kommune si kulturelle storstove. Kulturhuset ligg ved byparken og har ein konsertsal med plass til 500, samt ei foajéscene med plass til eit publikum på rundt 180. Kulturhuset samarbeider tett med det lokale og nasjonale kulturlivet, og har 150-200 store og små arrangement i eit normalår, samt mellom 50-60 000 besøkande. Hos oss er alle kulturelle uttrykk velkomne, og programmet er ei rik blanding av konsertar, teater, foredrag, standup, konferansar og lukka lag. Vi søker arrangementsansvarleg i fast 100% stilling.
For ein arrangementsansvarleg er ingen dagar like. Du vil jobbe med mange ulike produksjonar, og må handtere alt frå små intimkonsertar til store produksjonar med fleire hundre aktørar i sving. Du bør både ha eit godt overblikk, sans for detaljar og eit genuint ønske om å skape gode rammer for publikum før, under og etter arrangement. Hos oss er det til ei kvar tid mange ballar i lufta, og du må både kunne halde hovudet kaldt og ha eit hjarte som bankar varmt for kunst- og kulturformidling.
Teamet på kulturhuset samarbeider tett om å levere gode arrangement til publikum. Fleksibilitet, arbeidsglede og initiativ er stikkord for å lykkast i å løyse små og store utfordringar som dukkar opp – her må ingen vere redd for å ta i eit tak.
Arrangementsansvarleg er ein del av kulturhuset sin administrasjon. Her blir du med i eit lite team, der alle er sparringspartnarar i arbeidet med å vidareutvikle kulturhuset. Du vil ha medansvar for å planlegge og koordinere arrangementa på huset i samarbeid med produksjonsteamet, leigetakarar og samarbeidspartnarar. Du vil også bidra aktivt inn i marknadsføringa, og vere med på å skape innhald til sosiale media etc.
Arbeidsoppgåver
- planlegge og koordinere arrangement saman med produksjonsteamet
- praktisk klargjering av arrangement
- ha kontakt med og følgje opp artistar, arrangørar, publikum og andre samarbeidspartnarar
- bidra i arbeidet med sal, marknadsføring og innhaldsproduksjon
- følgje opp kulturhusvertane og skape gode rammer for publikum
- vere med å vidareutvikle Parken kulturhus som møteplass
- etter behov delta i arrangementsavvikling og andre påkommande praktiske oppgåver
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Kvalifikasjonar
- bachelor i kulturfag eller tilgrensande fag (relevant erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver kan vege opp for formell utdanning)
- erfaring frå arrangementsplanlegging og -avvikling og marknadsføring
- god kjennskap til kunst- og kulturfeltet
Personlege eigenskapar
Den vi søker er
- strukturert, med evne til å sjonglere mange ballar samtidig
- ein som har blikk for detaljar og auge for heilheita
- løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
- flink med folk, utadvendt og gjestfri
- idé- og initiativrik
Personlege eigenskapar vert tillagt vekt.
Vi tilbyr
- spanande arbeidsoppgåver i eit servicebevisst fagmiljø
- fleksitidsavtale
- løn etter tariff
- god pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Hans Pareliussen, Kulturhusleiar, 915 12 057, hans.pareliussen@alesund.kommune.noAnita Nøringseth Øen, Avdelingsleiar, 450 12 242, anita.irene.noringseth.oen@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Parkgata 3B6003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde SamfunnReferansenr.: 4868114156
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2765743
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6d35f42c9083487eba2d927b0b99403d