Skulekonsulent
Engelsvoll skule ligg vakkert til i eit flott og romsleg uteområde, med utsikt over Frøylandsvatnet og i gåavstand frå Klepp stasjon (15 minutt frå Sandnes sentrum). Engelsvoll skule har eit positivt og godt arbeidsmiljø med faglege, engasjerte og dyktige tilsette. Vi har eit framoverlent personale som er oppteken av utvikingsarbeid og den enkelte elev si meistring. Som skulekonsulent på Engelsvoll skule vil du vere sentral i mykje av drifta på skulen, og du vil i mange tilfelle, vere den første både elevar, føresette og tilsette møter både ansikt til ansikt, på telefon og på e-post. Du vil vere ein viktig støttespillar for rektor og øvrig leiing i arbeidet med å skape ein trygg og forutsigbar skulekvardag for både elevar og tilsette. Engelsvoll skule er ein barneskule på Klepp stasjon med 170 elevar og omlag 25 tilsette.
Engelsvoll skule har ledig ei 50 % stilling som skulekonsulent, som kan aukast noko, med elevretta arbeid i skule/SFO
Ein skulekonsulent er skulen sitt ansikt utad og vi søkjer difor etter ein imøtekommande, allsidig og fleksibel person som likar å yte service og omgås vaksne og born. Skulekonsulenten arbeider tett med, og er ei støtte for, leiinga ved skulen. Du kan forvente svært varierte arbeidsoppgåver.
Vi søkjer ein serviceinnstilt, blid og imøtekommande skulekonsulent som er serviceinnstilt, arbeider systematisk og er ryddig og grundig i arbeidet sitt.
Arbeidsoppgåver
- resepsjonsbetjening
- arbeid med administrative system som Visma og PAS
- post og dokumentbehandling
- lønn-, personal-, fakturabehandling i Visma
- økonomi, budsjettdisponeringar og budsjettoppfølgjing
- innkjøp
- GSI
- skuleskyss
- melke- og fruktordning
- utleige av skulen
- diverse forfallande kontor arbeid
- bistå leiinga med ulike oppgåver
Kvalifikasjonar
- det er fordel med fagbrev innan administrasjon og økonomi, eller tilsvarande. Anna utdanning og relevant praksis vil bli vurdert
- fordel med erfaring i liknande stilling frå skule
- god IKT-kompetanse
- god munnleg og skriftleg framstilling i begge skriftspråk
- god økonomiforståing
Politiattest må leverast før ein tiltrer stillinga
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- sjølvstendig og løysningsorientert
- god i samarbeid
- strukturert, initiativrik, nøyaktig og ansvarleg
- imøtekomande mot born, foreldre, andre tilsette
- fleksibel, taklar stort spenn på oppgåver og liker å lære nye ting
- positiv og oppteken av å yte god service intert og eksternt
- vant til høgt arbeidstempo og kunne takle ein hektisk arbeidskvardag med ulike ballar i lufta
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Ein flott arbeidsplass med høg trivsel blant dei tilsette. Vi har fokus på gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne. Ein spennande og variert arbeidskvardag med fullt av herlege elevar og dyktige kollegaer. Du blir ein del av eit arbeidsmiljø prega av godt humør, samarbeid, trivsel og arbeidsglede.
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Løn i høve til lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Linda Refvik, rektor, +47 99709603Arbeidsstad
Engelsvollvegen 914353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4787797192
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 03.04.2024
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.