Rektor
Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7) i Kyrkjebygda. Skulane er organisert med kvar sin rektor.
Ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule er det ledig fast stilling som rektor frå 01.08.20. Tidlegare tilsetting dersom mogleg. -- id 554
Skulen har i dag 165 elevar fordelt på 1-10. klasse
Administrasjonsressurs utover rektorstillinga er 1,5 årsverk delt mellom inspektør (0,5) og merkantil (1).
Me ønskjer ein rektor som:
· er ein tydeleg og samlande leiar med visjonar og evne til å motivere og drive
pedagogisk utviklingsarbeid og skape eit godt profesjonsfellesskap
· er oppteken av og tek initiativ til å utvikle skulen som ein lærande organisasjon, og å
utvikle elevane sitt læringsmiljø
· har pedagogisk utdanning og undervisningspraksis
· har utdanning innan administrasjon og leiing
· har føresetnader for god ressurs- og økonomistyring
· har evne og vilje til samarbeid
· arbeider operativt i eit utviklande skulemiljø
Skulane arbeidar aktivt med IKT, og elevar og lærarar har kvart sitt læringsbrett.
Interesse og driv for IKT og digital utvikling er viktig.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Intervju og referansar blir nytta i tilsetjingsprosessen.
Me kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ei leiarstilling som gir høve til fagleg og personleg utvikling. Rektor har fullmakter innan vedtekne rammer. Rektor har ansvaret for den daglege verksemda ved skulen, både fagleg, pedagogisk og økonomisk.
Rektor rapporterer til einingsleiar for skule og inngår i rektorkollegiet saman med rektor på Kyrkjebygda oppvekstsenter. Løn etter avtale.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte einingsleiar for skule, Reidun Carol Retterholt: 35 04 84 82/35 04 84 07/959 21 972
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Søknad på elektronisk søknadsskjema på www.nissedal.kommune.no
Søknadsfrist: 20.03.20
Om bedriften
Nissedal kommune dekker eit areal på 908 km² og har omlag 1450 innbyggjarar. Nisser, ein av dei største innsjøane i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn. Nissedal har fått namnet sitt frå Nisser, som truleg kjem av gamalnorsk <<Nidrsær>>, som tyder <<Den nedre sjøen>>. Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.
I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane. Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.