Fast 65 % stilling som heimehjelp pluss 14 % som pleiemedarbeider på helg i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet
Ledig fast 65 % stilling som heimehjelp pluss 14 % som pleiemedarbeider på helg
Om arbeidsplassen:
Pleie og omsorg aust er ei samordna teneste det vil seie at personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta. Sjukeheimen, Bråvolltunet, har 18 langtidsplasser, kjøkken og dagtilbod. I heimetenesta yter ein tenester til om lag 60 pasientar.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester , og tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Ynskjer du å arbeide i eit godt arbeids- og fagmiljø, med mange spanande arbeidsoppgåver håpar me du søkjer jobb hjå oss.
Arbeidsoppgåver:
- Som heimehjelp skal du gje praktisk bistand til heimebuande , vask av rom som er i dagleg bruk, handling , utlevering av middag med meir
- som pleiemedarbeider arbeider du med stell av pasienter , observasjon , dokumentasjon, miljøarbeid og anna forefallende arbeid
Ynskte kvalifikasjonar:
- God skriftleg og munnleg norskkunnskap
- Ingen kompetanse påkrevd , men det er ein fordel med erfaring frå arbeid med eldre
Personlege eigenskapar:
- Positiv og godt humør
- Engasjert
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel
- Punktlig og strukturert
- Førarkort klasse B
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Lønn etter hovedtariffavtalen
- Løn etter avtale (avhengig av stilling)
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- Det er ikkje krav om formell kompetanse, men erfaring frå arbeid med eldre er ein fordel
- Politiattest
- Godkjend tuberkulinstatus
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49