Autorisert vernepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4199477754 Presentasjon av stillingen:
Vil du bli vår nye kollega? Autorisert Vernepleiar 80 % fast stilling .
Heimetenesta indre Sula ønskjer å auke kompetansen sin på målretta miljøarbeid og søkjer difor etter Autorisert vernepleiar
2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg.
Avdelinga har vel 22 årsverk og bistår heimebuande med praktisk og personleg bistand etter vedtak.
Arbeidsoppgåver
Avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe og hjelpebehovet varierer frå pleie av alvorleg sjuke til praktisk og personleg bistand til funksjonshemma i eigne bustadar. Mykje av stillinga er knytt til arbeid med funksjonshemma.
Kvalifikasjonar (overskrift)
.Autorisert vernepleiar
Krav om førarkort og politiattest
Datakunnskap og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
Oppgje referanse.
Attestar og vitnemål leverast først ved eit evt. intervju.
Forutan gode faglege kvalifikasjonar ønskjer vi ein kollega med utdanning og kompetanse innan målretta miljøarbeid.
Du må vere stabil, pliktoppfyllande , tolmodig, fleksibel og takle uførutsette hendingar.
Du må ha gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig.
Arbeidet kan vere fysisk krevjande
Personlege eigenskapar vert vektlagd
Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
Ei stabil personalgruppe med god fagkompetanse og godt arbeidsmiljø
Opplæring
Arbeidskle
Vi nyttar kommunal bil evt. tenestemottakars bil i tenesta.
Kontaktinformasjon
Torunn Veddeng
Arbeidsstad
6030
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sula kommune
Referansenr.:4199477754
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 22.06.2020
Søknadsfrist: 08.03.2020