Matros - OPEN SØKNAD Vestland 2024
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6902 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Matros - OPEN SØKNAD Vestland 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Er du matros og ynskjer å jobbe som vikar?
Her kan du legge inn ein open søknad dersom våre andre stillingannonsar ikkje passar deg akkurat no. Vi ber om at du i din søknad opplys i prioritert rekkefølge kva samband som er aktuelle:
Krokeide-Hufthamar, Husavik-Sandvikvåg, Halhjem-Våge, Hatvik-Venjaneset, Leirvåg-Sløvåg, Fedje-Sævrøy, Skjersholmane-Ranavik, Jondal-Tørvikbygd, Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes, Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, Langevåg-Buavåg.
Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs dekkast av Fjord1.
Alle søknadar blir behandla fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kontakta.
Dersom du også ynskjer å vere vikar på andre samband i Fjord1 så finn du desse på heimesida vår.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Godt humør
- Evne til å arbeide tett med mennesker over tid
- God til å kommunisere
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Sjømannsforbundet.
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
Kontaktinformasjon
Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 91311704Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4789389303
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2024
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2603626
- Sist endret
26. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
98f04ad5e7924e89a0f15e21a00b6a86