Einingsleiar - Omvikdalen skule
Omtale av stillinga
Er du ein engasjert leiar? Omvikdalen skule har frå 01.08.21 ledig stilling som einingsleiar.
Vi søkjer ein leiar som ynskjer å leia skulen gjennom ei kollektiv utvikling der ny overordna del og nye fagplanar skal utviklast og implementerast på skulen. Med deg på laget har du gode og motiverte medarbeidarar.
Skulen har dei siste åra drive endringsarbeid innafor eigen vurderingspraksis, lesing, inkluderande skulemiljø og
digital kompetanse.
Skulen har 97 elevar frå 1. til 7. trinn. 16 tilsette dette skuleåret, i tillegg har me ein lærling. SFO har ca 15 elevar dette skuleåret. Skulen ligg i bygda Omvikdalen, ca 6 km frå Rosendal.
Visjon
Ein trygg og god stad å vera. Ein framifrå stad å læra.
Vi søkjer ein leiar som
har pedagogisk kompetanse
- har erfaring frå leiing og skuleutvikling.
- er utviklingsorientert og samarbeidsorientert.
- er både tydeleg og synleg.
- motiverer tilsette, elevar og foreldre til å skapa ein felles kultur for læring.
- har godt humør og pågangsmot.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP/SPK.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.