Vi søkjer etter ein industrimekanikar med stor interesse for faget.
Hydro
Kvinnherad
Om jobben
Stillingstittel
Industrimekanikar
Type ansettelse
Annet
Antall stillinger
1
Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. I tillegg til produksjon av primæraluminium har verket eit støyperi for produksjon av pressbolt, og totalt kring 340 ansatte.
Ansvarsområde
Som industrimekanikar vil du ha ansvar for å utføre forebyggjande, planlagt og korrektivt vedlikehald på kranar, prosess- og driftsutstyr ved heile Hydro Husnes.
Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
- Planlegge og utføre vedlikehald og inspeksjonar
- Feilsøke, teste og verifisere
- Bidra til å utvikle og optimalisere produksjonsutstyr
- Halde deg fagleg oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonen
- Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljø med fagkompetanse, samt delta i fabrikken sitt forbetringsarbeid
- Bidra til eit aktivt og forebyggjande HMS-arbeid
Kvalifikasjoner:
- Fagbrev innan industrimekanikarfaget
- Erfaring frå prosess- eller industrianlegg er ønskjeleg
- Bilsertifikat kl. B
- Forståing for teknisk dokumentasjon
- Meistre norsk skriftleg og munnleg, gjerne også engelsk
- God til å kommunisere og samarbeide med andre
Me ser etter deg som er engasjert, strukturert, initiativrik og kreativ. Du likar endringar og forbetringsarbeid, viser gode HMS-holdningar og evnar å utføre jobben i samsvar med Hydro sine standardar og verdiar.
Tilleggsinformasjon
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse. Stillingane inngår i vaktordninga for vedlikehaldsavdelinga. Du vil få moglegheit til å halde deg fagleg oppdatert og utvikle deg.
Søknadsfrist: 04.08.2024
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Leiar:
Helene Sjo Prestegaard
Mobil: (Norway +47) 99375605
Rekrutterer
Berit Aakre
(Norway +47) 92227339
Om bedriften
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen av verdens viktigste problemer – og vi håper du vil bli med å løse utfordringene i det neste århundret. Du bidrar til å påvirke vårt felles formål om å drive industriene våre og verden inn i en grønnere fremtid enten du jobber ved ett av våre resirkuleringsanlegg eller sikrer effektive prosesser for fornybar energi.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2699966
- Sist endret
5. august 2024
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4401980